Utløpt

Vil du bli den nye IKT teknikaren ved IKT Hallingdal?

Arbeidsgiver
IKT Hallingdal
Stillingstittel
IKT teknikar servicedesk
Frist
22.08.2021
Ansettelsesform
Fast

Kan du i søknaden fortelja oss kvifor du, med dine kvalifikasjonar og eigenskapar, vil vera rett person i stillinga?

Arbeidsoppgåver:

  • Ta imot og løyse førespurnader til servicedesk via telefon og sakssystem.
  • Teknikaroppdrag i felt, med alt frå montering av nytt utstyr til feilsøking og reparasjon eller bytte av utstyr.
  • Registrere, kategorisere og prioritere førespurnader til servicedesk.
  • Preventivt vedlikehald, feilsøke hendingar og løyse problem.
  • Halde kundane informert om status og framdrift i sakene.
  • Oppfølging av opne saker, vurdere framdrift og evt. eskalering.
  • Brukaradministrasjon
  • Sørge for god dokumentasjon og forbetring av rutinane ved servicedesk og driftsoppgåver generelt.
  • Jobbe proaktivt med både eigen kompetanseutvikling og kunnskapsdelinga i laget.
  • Bestilling og oppsett av IT-utstyr og programvare.
  • Feilsøking og feilretting av maskinvare og programvare.
  • Stillinga er primært for fast bemanning av servicedesk/brukarstøtte, eventuelt med ad-hoc oppdrag ute.
  • Ta del i drifts-/forvaltningsoppgåver ved IKT Hallingdal.

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev i IKT servicefaget eller relevant bachelor er ynskjeleg.
  • Relevant og dokumentert realkompetanse kan erstatte krav om utdanning.
  • Gode norskkunnskapar, god skriftleg- og munnleg framstillingsevne.
  • Evne til å utføre brukarstøtte via telefon, e-post, fjernstyring og direkte med sluttbrukar.
  • Du forstår verdien av å jobbe med dokumentasjon.
  • Førarkort for bil (B).

Ynskjeleg erfaring med:

  • Relevant erfaring frå IKT servicedesk er ein fordel.
  • Kjennskap til Microsoft infrastruktur, Office 365, Azure, Cloud Services og Windows 10.
  • Kjennskap til saksbehandlingssystemet Pure Service er ynskjeleg.

Vi ynskjer at du er/har:

  • Engasjert og serviceinnstilt.
  • Imøtekomande og positiv.
  • Lærevillig.
  • Fokus på å forstå kundane sine behov og finne gode tekniske løysingar for dei.
  • Eit vitebegjær for å lære meir om kva som gjer arbeidsprosessar enklare og sikrare.

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i det største IKT-miljøet i regionen Hallingdal.
  • Moglegheiter for utvikling i eit uformelt og triveleg arbeidsmiljø.
  • Fagleg rettleiing og høve til vidareutdanning.
  • Fleksibel arbeidsplass og arbeidssituasjon.
  • God pensjonsordning i KLP med gunstige forsikringsordningar.
  • Hjelp til å skaffe bustad og eventuelt barnehageplass.

For stillinga gjeld:

  • Løn og tilsetting i samsvar med arbeidsmiljølova, KS Hovudavtale og KS Hovudtariffavtale.
  • Ved tilsettinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring.
  • Stillinga er fast tilsetjing i 100 %

Politiattest må leggjast fram

Anna:

Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn. Me ser gjerne at du legg inn attestar og vitnemål.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om

søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Om arbeidsgiveren

IKT Hallingdal leverer tenester og IKT-løysingar for 5.000 tilsette og elevar i kommunane og interkommunale verksemder i Hallingdal. Geografisk spenner området over kommunane Flå, Nesbyen, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. Gol kommune er arbeidsgjevar og vertskommune for dei 16 tilsette ved IKT Hallingdal. Her er administrasjonen av datasentera, forvaltning av eit hundretals små og store komplekse fagsystem, drift av digitale verktøy og maskinvare for tilsette og elevar, overvaking og drift av det interkommunale nettverket (LAN/WAN), tenester som felles samhandlings- og kommunikasjonssystem, skytenester frå leverandørane nasjonalt og globalt, og ikkje minst servicedesk som tek i mot og handsamar 15.000 saker kvart år. IKT Hallingdal er godkjent læreverksemd for lærlingar.

Sektor
Offentlig
Sted
3550 Gol
Bransje
IT,
IT - maskinvare,
IT - programvare
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
IT drift og vedlikehold / IT-support,
IT utvikling / IT-sikkerhet

Nøkkelord

support, 1.linjesupport, it, it-sikkerhet, brukerstøtte

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Øyvind K. Vinorum-Straume
Stillingstittel
Områdeleder servicedesk IKT Hallingdal
Telefon
32 07 86 01
Følg firma
17 følger dette firmaet

3550 Gol

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 224938157
Sist endret 24. aug. 2021 11:36

Rapporter annonse