Utløpt

IKT sikkerheitsrådgjevar

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
IKT sikkerheitsrådgjevar
Frist
25.08.2021
Ansettelsesform
Fast

Brenn du for sikkerheit og digitalisering? Er du ein pådrivar for at sikkerheit er integrert med utvikling av digitale tenester? Vil du vere med å vidareutvikle korleis vi jobbar med riskobasert utvikling? Vi søker deg som har erfaring og kompetanse frå arbeid med sikkerheit, risikovurdering og bygging av sikkerheitskultur.

IKT sikkerheitsrådgjevar jobbar sektorovergripande saman med rådgjevar for beredskap, personvernrådgjevar og personvernombod, og inn mot seksjonane IKT og digitalisering. Som IKT sikkerheitsrådgjevar vil du få varierte og utfordrande oppgåver og ansvar på ein spanande arbeidsplass.

Stillinga er fast, og er i seksjon stab, i avdeling strategisk utvikling og digitalisering. Stab har ansvar for å legge til rette for kommunikasjon og samhandling internt og eksternt, HR, økonomi, beredskap og IKT sikkerheit. 

Arbeidsoppgåver

  • Rådgjevar i IKT-sikkerheitsspørsmål i linje og prosjekt
  • Gjennomføre og følgje opp tekniske ROS-vurderingar
  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar knytt til informasjonssikkerheitsområdet. Bygge sikkerheitskultur og bidra til at sikkerheit vert ein integrert del av utviklingsarbeidet og grunndesignet for applikasjonane våre  
  • Fortløpande vurdere potensielle sårbarheiter og rapportere til leiinga
  • Bidra i handtering av uønska hendingar og fasilitere IT-beredskapsøvingar
  • Delta i utvikling av nye løysingar og kontinuerleg forbetring av eksisterande løysingar
  • Sørge for at dokumentasjon er på riktig nivå og oppdatert
  • Ansvar for å forvalte og vedlikehalde styringssystem for informasjonssikkerheit 

Kvalifikasjonar

Vi krev:

  • Relevant høgare utdanning på masternivå innan IT- og informasjonssikkerheit, IKT, samfunnssikkerheit og/eller tilsvarande. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.  
  • Arbeidserfaring innan IKT sikkerheit og/eller beredskap
  • God kjennskap til informasjonssikring og personvern

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kjennskap til CISSP, ISO 27001, CISA eller tilsvarande
  • Kjennskap til TOGAF og ITIL
  • Vere fagleg oppdatert på trusselbilete og trendar innan IT-sikkerheit

Personlege eigenskapar

  • Du trivast med samarbeid på tvers av fagområde, etablerer gode relasjonar og tillit i ulike fagmiljø og på ulike nivå i organisasjonen 
  • Held deg fagleg oppdatert og deler av eigen kompetanse for å bidra til utvikling av fagmiljøet
  • Har evne til å motivere og inspirere medarbeidarar for å kunne bygge eit samhandlande miljø rundt deg 
  • Jobbar sjølvstendig 
  • Løysings- og resultatorientert
  • Strukturert og analytisk med stor gjennomføringsevne
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Du trivast med å kommunisere jamnleg med ulike nivå i organisasjonen, og er flink til å synleggjere arbeidet ditt. 

Vi tilbyr

  • Stillingsnemning spesialkonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring
  • Løn etter avtale 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Fleksibel arbeidstid  
  • Faglege utfordringar og stimulerande arbeidsmiljø 

Andre opplysningar: 

Arbeidsstad Leikanger. Ved særskilt behov kan òg kontorstad Bergen avtalast. 

Litt reiseaktivitet må påreknast, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom. 

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort
sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå
offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Bransje
IT,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
IT utvikling / IT-sikkerhet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne-Kjersti Stavø Stenehjem
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
957 25 658
Følg firma
363 følger dette firmaet

Askedalen 2, 6863 Leikanger

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 224558847
Sist endret 9. jul. 2021 09:35

Rapporter annonse