Utløpt

IKT-koordinator

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
IKT-koordinator
Frist
15.08.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Om arbeidsplassen

Team Brukaroppleving er ein del av IT-seksjonen i Møre og Romsdal Fylkeskommune. Hovudområda er gode brukaropplevingar, brukarstøtte, kurs- og opplæring for tilsette. IT-seksjonen er delt opp i Team Brukaroppleving og Team Infrastruktur og vil frå 01.08.2021 ha totalt 42 faste tilsette og ca. 24 lærlingar.

IKT-koordinator vil ligge under Team Brukaroppleving med teamleiar som næraste overordna og vil ha eit overordna ansvar, inkludert personaloppfølging, for 11 faste tilsette og p.t. sju lærlingar, og skal følge opp, gje støtte og bistand til skoler og tannklinikkar i regionen.

Regionen omfattar følgjande vidaregåande skoler: Atlanten,Gjermundnes, Hustadvika, Kristiansund, Rauma, Romsdal, Sunndal, Surnadal og Tingvoll. I tillegg kjem Fagskolen i Møre og Romsdal, avd.Kristiansund.

Stillinga vil ha arbeidsstad på Campus i Kristiansund.


Ansvarsområde og oppgåver vil m.a.vere:

  • Engasjere og motivere medarbeidarar til å yte det beste for brukarane våre
  • Bidra til å fremme og vidareutvikle samarbeid innan i IT-seksjonen
  • Sjå til at lærlingane mottar riktig og lovpålagt opplæring og oppfølging
  • Støtte teamleiar med personaloppfølging for lærlingar og IT-ressursar i regionen
  • I samråd med teamleiar; følge opp, hjelpe til med, støtte og rettleie IT- ressursane ved skolane
  • Ressursavklaring lokalt (lokale prosjekt o.l.)
  • Ressursplanlegging mot sentral IT
  • Bistå skoler og tannklinikkar i regionen med deira behov og utfordringar
  • Statusmøter (digitale og fysiske, ut frå møteplan)
  • Identifisere og legge til rette for tverrfagleg arbeid innanfor kompetanseområdane for skole, tannklinikkar og IT
  • Koordinere kapasitet og behov inn mot leiinga av IT-seksjonen
  • Rapporterer til leiar for Team Brukaroppleving og ha eit tett samarbeid med IKT-koordinator på Sunnmøre


Kompetansekrav, utdanning, praksis

  • Høgskoleutdanning innafor IT, organisasjon, administrasjon eller tilsvarande
  • Erfaring frå eller god kjennskap til prosjektarbeid


Andre krav til stillinga

  • Evne til å sjå heilskap, samt forstå samanhengar og avhengigheiter mellom system og tenester
  • God forståing av IT infrastruktur
  • Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
  • Har stor arbeidskapasitet og trivst med hektiske arbeidsdagar
  • Gjerne erfaring frå rettleiing av andre


Andre ønskelege kvalifikasjonar

  • Erfaring frå personalleiing/oppfølging
  • Framtidsretta, nytenkande og engasjert
  • Løysingsorientert, har sterk gjennomføringsevne og skaper entusiasme
  • Er trygg og offensiv med godt humør
  • Evnar å motivere andre til å levere
  • Er ein relasjonsbygger
  • Er systematisk
  • Har gjerne erfaring frå å jobbe etter ITIL-metodikk


Vi tilbyr

  • Ei utfordrande og spennande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterkt fagmiljø
  • God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • Løn etter avtale (HTA kap 5)


Andre opplysningar

Det må påreknast ein del reising i stillinga.

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.


Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Fosnagata 13, 6509 Kristiansund N
Bransje
IT,
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Brukerstøtte/support,
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
Prosjektledelse

Nøkkelord

administrasjon, lederstøtte, IT, ITIL, ressursplanlegging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Dagfinn Grønvik
Stillingstittel
IT-sjef
Telefon
71 28 01 49
Mobil
95 92 59 24
Kontaktperson
Heidi Cathrine Øverland Thomassen
Stillingstittel
Leder Team Brukeropplevelse
Mobil
91 39 21 01
Følg firma
313 følger dette firmaet

Fosnagata 13, 6509 Kristiansund N

Annonseinformasjon

FINN-kode 224175874
Sist endret 16. aug. 2021 14:44

Rapporter annonse