Utløpt

Fagarbeidar/teknikar - IKT

Arbeidsgiver
Statkraft Region Midt-Norge
Stillingstittel
Fagarbeidar/teknikar - IKT
Frist
08.08.2021
Ansettelsesform
Fast

Statkraft region Midt-Norge har ansvar for drift og vedlikehald av vann- og vindkraftanlegg i Sogn, Møre og Romsdal og i Trøndelag. Anlegga blir drifta av fire kraftverksgrupper i samarbeid med regionskontoret i Gaupne. 

Kraftverksgruppe Sogn har ansvar for drift og vedlikehald av 8 kraftverk som produserer til saman 3,4 TWh, og har i dag 34 tilsette. Kraftverksgruppa består av 3 vedlikehaldsgrupper med oppmøtestader i Gaupne, Vik og i Høyanger. 

Vi søkjer ein ansvarsfull og fagleg dyktig person som jobbar godt saman med andre, og som er fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver og reising. Arbeidsområdet er heile kraftverksgruppa, medan oppmøtestad blir ein av dei tre lokasjonane i kraftverksgruppa. 

Hovudoppgåver vil vere: 

  • Utføre dagleg vedlikehald og rehabilitering av regionen sine IKT-tekniske løysningar og utstyr til kraftverk og reguleringsområde 

  • Tilsyn, tilstandsvurdering og feilsøking for å tilfredsstille interne og eksterne krav 

  • Delta i prosjekt og vedlikehaldsarbeid i eiga kraftverksgruppe og andre kraftverksgrupper ved behov 

  • Inngå i fagteam og bidra til effektiv utnytting av produksjonsressursane gjennom kostnadseffektivt vedlikehald i et langsiktig perspektiv. 

  • Dokumentere vedlikehald i samsvar med interne krav og rutinar 

  • Delta i utkallingsordning 

  • Roller som AFA i henhold til FSE 

 

Personlege eigenskapar og kompetanseområde: 

  • Fagbrev som telekommunikasjonsmontør, automatikar eller dataelektronikar, eller anna relevant utdanning 

  • Fagbrev som elektrikar (gruppe L) i tillegg er ein fordel 

  • Tilleggskompetanse innan PLS  lokalkontrollanlegg er ein fordel 

  • Erfaring frå kraftverksbransjen er en fordel 

  • Gode haldningar og sterk motivasjon knytt til HMS 

  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg 

  • Fordel med kjennskap til vedlikehaldssystem, avdelinga brukar SAP vedlikehaldssystem 

  • Gode norsk- og engelskkunnskapar 

  • Førarkort klasse B er nødvendig og andre sertifikat/godkjent opplæring er ein fordel 

 

Statkraft forvaltar kritisk infrastruktur og tenester i fleire land. Søkjar må difor vere eigna for tryggleiksklarering og autorisasjon. 

 

Statkraft tilbyr 

  • Fagleg og personleg utvikling i eit konsern i sterk vekst 

  • Et godt arbeidsmiljø prega av kompetanse, ansvar og nyskaping 

  • Mangfald med omsyn til alder, kjønn og kulturell bakgrunn 

  • Konkurransedyktige vilkår og gode velferdsordningar 

 

Om arbeidsgiveren

Statkraft er eit leiande internasjonalt selskap innan vasskraft og den største leverandøren av fornybar energi i Europa. Konsernet produserer vasskraft, vindkraft, solkraft og gasskraft og leverer fjernvarme. Statkraft er ein global marknadsaktør innan energihandel og har 4500 tilsette i 17 land.

Sektor
Offentlig
Sted
6868 Gaupne
Bransje
Elektronikk,
Kraft og energi,
IT
Stillingsfunksjon
Teknisk personell,
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations

Nøkkelord

IKT

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
IKT-koordinator Morten Vigdal
Telefon
91 79 74 30
Kontaktperson
Kraftverkssjef Inge Hass
Telefon
41 51 88 99
Følg firma
825 følger dette firmaet

6868 Gaupne

Annonseinformasjon

FINN-kode 223785329
Sist endret 1. jul. 2021 09:03

Rapporter annonse