Utløpt

Naturvernforbundet søker engasjert prosjektansvarleg

Arbeidsgiver
Naturvernforbundet Hordaland
Stillingstittel
Prosjektansvarlig
Frist
04.08.2021
Ansettelsesform
Fast

Me søker ein initiativrik, engasjert og allsidig prosjektansvarleg for prosjekta "Ta vare på det du har" og "Energismart".

Naturvernforbundet Hordaland er eit av dei største og mest aktive laga i den eldste demokratiske miljøorganisasjonen i Noreg. Me har kontor på Bryggen i Bergen med fem heiltidstilsette og mange dyktige eldsjeler som jobbar frivillig. Me driv fleire prosjekt innan ulike miljøområde, og søker no ein prosjektansvarleg som kan driva og utvikla to av prosjekta våre vidare. 

"Ta vare på det du har" er prosjektet vårt for meir gjenbruk og reparasjon. Me kartlegg reparasjonsnæringa, gjennomfører arrangement som fiksefestar og reparasjonskurs, og jobbar politisk for å gjera det lettare å jobba som reparatørar, og for å legga til rette for meir berekraftig og sirkulært forbruk i samfunnet. Me har også utvikla ei gåvekortordning for reparasjon i Bergensområdet. Som prosjektansvarleg for "Ta vare på det du har" vil du ha ansvar for strategisk vidareutvikling, planlegging, gjennomføring og finansiering av prosjektet.

I prosjektet "Energismart" legg me til rette for gjennomføring av energisparingstiltak, mellom anna ved å finansiera, drifta og vidareutvikla kvalitetssikringsordninga Energispesialist, som er ein sentral del av prosjektet (sjå gjerne www.energismart.no). Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vera å følgja opp verksemdene som er med i Energispesialistordninga, samt å jobba for å rekruttera nye. I Energismart vil du jobba tett med kollegaer i Naturvernforbundet for å driva og utvikla prosjektet vidare. 

Prosjekta våre er avhengige av årlege prosjektinntekter og tilskot, og dei er tidsavgrensa. Derfor er det viktig at du er nyskapande, ser moglegheiter og at du også kan vera med å utvikla og driva prosjekt innanfor nye område og tema. Som tilsett hjå oss vil du også få arbeidsoppgåver knytt til drifta av organisasjonen. 

Noko reising og jobbing på kveldstid og helg må reknast med. Me oppmodar menn om å søka. 


Personlege eigenskapar 

Me søker deg som er:

  • Sjølvstendig og initiativrik
  • Strukturert og med stor gjennomføringskraft 
  • Fleksibel og allsidig
  • Engasjert og har innsikt i innsikt i fagområda klima, forbruk og energi
  • God på å ha mange ballar i lufta og trivst med høgt arbeidstempo
  • Samarbeids- og løysingsorientert
  • God til å prioritera, og har strategisk teft
  • God på kommunikasjon og formidling


Kvalifikasjonar

  • Utdanning på universitets/høgskulenivå. Relevant erfaring kan kompensera for utdanning.  
  • Erfaring med prosjektarbeid frå verksemder eller organisasjonar.  
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk.  
  • Erfaring med kommunikasjonsarbeid i forskjellige former (t.d. tekst, film, foto) og på ulike flater (t.d. nett, sosiale media og trykk), organisering av aktivitetar og kampanjar. Erfaring med marknadsføring og finansieringsarbeid er ein fordel.


Me tilbyr

  • Meiningsfullt arbeid med konkrete miljøtiltak 
  • Varierte og spennande oppgåver 
  • Eit godt og sosialt arbeidsmiljø 
  • Fleksibel arbeidstid 
  • Gode ferieordningar  
  • Løn frå lønstrinn 48-69 i statens lønsregulativ (avhengig av ansiennitet) 
  • 5% pensjonssparing og forsikringsordningar 
  • Arbeidsplass sentralt i Bergen


Spørsmål om stillinga kan rettast på e-post til fylkessekretær Synnøve Kvamme eller prosjektansvarleg Silje Østerbø (grunna ferie kan det ta litt lenger tid enn normalt å få svar, det beklagar me). 

Om arbeidsgiveren

Naturvernforbundet Hordaland er eit av dei største og mest aktive laga i den eldste og ein av dei største demokratiske miljøorganisasjonane i Noreg. Me har kontor på Bryggen i Bergen med fem heiltidstilsette og mange dyktige eldsjeler som jobbar frivillig. Me driv prosjekt innan forskjellige miljøområde og engasjerer oss i eit breitt spekter av saker innan naturvern, klima, energi, forbruk og samferdsel.

Nettverk
Facebook
Sektor
Organisasjoner
Sted
Bredsgården 1E, 5003 Bergen
Bransje
Ideelle organisasjoner,
Organisasjoner
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse

Nøkkelord

energi, miljøvern, klima, forbruk, gjenbruk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Synnøve Kvamme
Stillingstittel
Fylkessekretær
Kontaktperson
Silje Østerbø
Stillingstittel
Prosjektansvarleg
Følg firma
21 følger dette firmaet

Bredsgården 1E, 5003 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 223478015
Sist endret 9. aug. 2021 10:44

Rapporter annonse