Utløpt

Rettleiar 3x100% fast - Barn- unge og familitenester/Barneverntenesta

Arbeidsgiver
Øygarden kommune - Barneverntenesta
Stillingstittel
Rettleiar 3x100% fast - Barn- unge og familitenester/Barneverntenesta
Frist
04.07.2021
Ansettelsesform
Fast

Barnevernsreformen 2022 gir Øygarden kommune moglegheit til å bygge opp ein eigen faggruppe som skal arbeide kring barn som bur i fosterheim. Barna og deira nærmaste, treng kloke menneske som jobbar for at heile landsbyen kring kvart barn fungerer best mogleg. Ein vil difor arbeide inn mot barna sine biologiske foreldre, anna nettverk, fosterheimen, skule og/barnehage.

Vi søker etter deg som er faglig nysgjerrig, interessert og relasjonelt modig

Du vil få:

  • Eit fagleg og engasjert arbeidsmiljø som er i utvikling i ein ny og spanande kommune
  • Ei nyoppretta faggruppe kor samskaping på tvers er ei sentral verdi og bærebjelke i arbeidet
  • Eit Familie- og rettleiingssenteret i forebyggande sektor som er under oppbygging
  • Motta fagleg rettleiing/oppfølging
  • Være i tett samskaping med barneverntenesta si omsorgsavdeling

 Vi treng at du:

  • har relevant utdanning, barnevern, sosionom, eller annen relevant høgskuleutdanning
  • jobbar sjølvstendig og i team
  • gir rettleiing individuelt og i grupper
  • tar i mot fagleg rettleiing
  • er fleksibel i forhold til arbeidstid og noko reiseverksemd
  • har kompetanse/erfaring innan sentrale fagområde som til dømes tilknyting, traume, sorg/tap

 Det er ei fordel om du har:

  • Sertifisering i relevant rettleiingsmetodikk (t.d Marte Meo, COS, TBO,Theraplay)
  • Relevant vidareutdanning som t.d familieterapi
  • Erfaring frå barnevern er å føretrekka

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Barneverntenesta er organisert saman med skule, barnehage, Barn, unge og familietenester (BUFT) og PPT under kommunalsjef for oppvekst. Barneverntenesta omfattar 57 stillingar og er inndelt i team; einslege mindreårige flyktningar, tiltak/undersøking, ettervern, omsorg og stab. I tenesta er det stort fokus på å utvikle sjølvstende gjennom autonome team, som skal ha fokus på tett samhandling med andre instansar som tilbyr hjelpetenester til barn og familiar. Vidareutvikling av samhandlingskompetanse på tvers av dei ulike hjelpeinstansane, skal gjennomsyre kommunen sitt samla tenestetilbod. Relasjonell kapasitet er fokus for arbeidet med tverrfagleg samhandling. Øygarden kommune er også ein Betre Tverrfagleg Innsats (BTI)- kommune.

Barneverntenesta er oppteken av eit trygt og samarbeidande arbeidsmiljø, samt at vi skal yte kvalitet i arbeidet mot barn, familiar og våre samarbeidsinstansar. Vi er oppteken av god dialog med tilsette og har over tid hatt fokus på brukarmedverknad.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
5353 Straume
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Laila Grønn-Jensen
Telefon
95 88 57 71
Følg firma
323 følger dette firmaet

5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 223017300
Sist endret 23. jun. 2021 14:27

Rapporter annonse