Utløpt

Psykolog/psykologspesialist

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Psykolog/psykologspesialist
Frist
Så snart som mogleg
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Ønskjer du ein spennende og lærerik jobb i eit ivaretakande og triveleg arbeidsmiljø, der latter og gode smil aldri er langt unna?

Vi har ledig fast stilling for psykolog/psykologspesialist. Oppstart etter avtale med seksjonsleiar.

Her ved Poliklinikken BUP Kristiansund møter du et eit fagmiljø i utvikling, med meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver for deg som har lyst til å hjelpe barn og ungdom med psykiske utfordringar. Vi er eit breitt og kompetent arbeidsfellesskap, som saman arbeider fram, eit både helheitleg og spissa, utgreiings- og behandlingstilbod for barna og familiane som treng det mest. 

Arbeidsoppgåver

  • Hos oss vil du vere sentral i utgreiing og behandling. Vi legg vekt på å fordele pasientane slik at  psykologane får tildelt behandlingsansvar for pasientar med ein problematikk dei er interessertei og har kompetanse på.
  • Vi tilrettelegg for at psykologane skal få tileigne seg brei utgreiingskompetanse, og det blir lagt til rette for at ein kan få en brei behandlingserfaring som ein del av spesialiseringsløpet sitt. Men vi ser også verdien av at den enkelte får eitt eller fleire område ein kan fordjupe seg i.
  • På poliklinikken tilbyr vi spesialiserte behandlingsmetodar innan TF-CBT (traumeterapi), PEF (familiebasert psykosebehandling), DBT (emosjonelt dysregulert ungdom) og  FBT (familiebasert behandling for spiseforstyrrelsar). 

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer psykologspesialist eller psykolog med norsk autorisasjon, men også psykologar med lisens kan vere aktuelle.
  • Erfaring frå og/eller interesse for familiebaserte metodar og foreldrevegleiing blir vurdert positivt, då vi ønskjer å styrke denne kompetansen i poliklinikken.

Personlege eigenskapar

  • Ha god evne til samarbeid
  • Vere god på å arbeide saman med andre i team
  • Ha gode relasjonelle evner
  • Ha gode evner til å skape allianse med barn, ungdom og foreldre
  • Vere strukturert

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Studiepermisjon 4 mnd. kvart 5. år for spesialistar
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Rekrutteringstillegg etter gjeldande avtalar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Og på fritida:
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus med fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om byen og omlandet her: https://www.visitnorthwest.no/kristiansund/

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester
til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein
skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal
få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og
utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR.
Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har
vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og
rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av
openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du
får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på
laget!


For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Sykehusgata 2, 6508 Kristiansund N
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Nøkkelord

Barne-, og, ungdomspsykiatri,, Kristiansund,, Psykolog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjell Åsmund Bryn
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
71 21 75 50
Følg firma
208 følger dette firmaet

Sykehusgata 2, 6508 Kristiansund N

Annonseinformasjon

FINN-kode 222891968
Sist endret 22. jun. 2021 12:55

Rapporter annonse