Utløpt

Lærar Rosseland skule

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Lærar Rosseland skule
Frist
01.08.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Time Kommune

På Rosseland skule er det ledig 2 vikariat i lærarstillingar i 80-100%. Den eine av stillingane vil hovudsakleg vera knytt til spesialundervisning på småskuletrinnet. Den andre som faglærar/spes.pedlærar på mellomtrinnet.

Rosseland skule er ein stor barneskule som ligg sentralt plassert i Bryne. Skulen har frå hausten 2021 om lag 560 elevar, og 75 tilsette

Me kan tilby eit flott skulebygg, som er godt utstyrt. Me er ein digital skule, og  brukar lærebrett (iPad) i undervisninga:  Alle elevar og tilsette har sitt eige lærebrett. 

Skulen er ein del av "Jærskulen".

Me arbeider kvar dag for at eleven skal bli møtt og sett, og at dei skal oppleva meistring og vera motivert for læring.

Arbeidsoppgåver

Du kan undervisa på ulike trinn, og i ulike fag.

Spesialundervisning for elevar på småskuletrinnet

Fokuset i alt me gjer:

Korleis fører arbeidet vårt til framgang i læring og utvikling for det enkelte barnet ?

Kvalifikasjonar

Stilling 1:

Godkjend allmennlærarutdanning, eller GLU 1-7, med vidareutdanning i spesped

Alternativt førskulelærarutdanning med spesped, eller erfaring med barn med spesielle behov

Stilling 2

Godkjend allmennlærarutdanning eller GLU 1-7

Ønskjeleg med utdanning i spes.ped, musikk

For begge stillingane:

Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Har god digital kompetanse

Det er krav om politiattest til stillingane

Personlege eigenskapar

Er ein trygg og tydeleg læringsleiar
Har mot til å meina; er tydeleg, robust og engasjert
Sterk interesse for barn og læring
Er sjølvstendig, strukturert, fleksibel og løysningsorientert

Me tilbyr

Løn etter kvalifikasjonar
Eit kollegium som er opptekne av å finna løysningar saman
Eit kollegium med god trivsel og mykje humor
Eit kollegium med mangfald når det gjeld alder og kjønn
Rettleiingsprogram for nyutdanna lærarar
Opplæring for nytilsette i Olweus sitt antimobbeprogram, SOL (systematisk observasjon av lesing) og vurdering for læring.

Om arbeidsgiveren

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.


Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Dronning Mauds gate 3, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger,
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog,
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Geir Soma
Stillingstittel
Rektor
Telefon
97 58 16 36
Følg firma
605 følger dette firmaet

Dronning Mauds gate 3, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 222887589
Sist endret 22. jun. 2021 12:19

Rapporter annonse