Utløpt

Nyoppretta fastlegeheimel ved Ågotnes legekontor

Arbeidsgiver
Øygarden kommune Kommuneoverlegen
Stillingstittel
Nyoppretta fastlegeheimel ved Ågotnes legekontor
Frist
15.08.2021
Ansettelsesform
Selvstendig næringsdrivende

Øygarden kommune søkjer etter ny fastlege for oppstart i nyoppretta fastlegeheimel ved Ågotnes legekontor.

Veldreven 5-legesenter i moderne og trivelege lokaler, Infodoc-sky journalsystem samt digital dialog via helsenorge, e-resept, elektronisk kommunikasjon med kommunale samarbeidspartnare, spesialisthelsetenesta og pasientar. 

Legesenteret er organisert som DA med internavtale. Legepraksisen inngår i eit økonomisk og fagleg fellesskap og ny heimelshaver inngår internavtale med dei andre legane før inntreden i gruppepraksisen. Det er eit godt arbeidsmiljø og kun 30 min kjøretid frå Bergen sentrum. 

 Det er ikkje tilknytt andre kommunale legeoppgåver til heimelen. Du har moglegheit til å gå vakter ved Sotra legevakt, men det er pr i dag ikkje vaktplikt.

Som sjølvstendig næringsdrivande ALIS vil kommunen søkje tilskotsordning frå Helsedirektoratet. Dette innebærer utgiftsdekning på inntil kr 300.000 i spesialiseringsløpet til bl.a. praksiskompensasjon ved fråvær til kurs, ekstra veiledning og supervisjon, og andre utgifter knytta til din spesialisering for å sikra økonomisk forutsigbarhet i en oppbyggingsfase. 

Øygarden kommune gjer gode tilskotsordningar i samband med oppstart av ny fastlegeheimel. Kommunen har også gode tilskotsordningar for næringsdrivande fastlegar i samband med sjukefråvær og fråvær i samband med svangerskapspermisjonar.


Kvalifikasjoner

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført turnusteneste/ LIS 1
  • Det stilles krav om politiattest i tråd med bestemmelser i helsepersonellova
  • Søkjarar må kunne beherska norsk skriftleg og munnleg.
  • Det blir lagt vesentleg vekt på gode samarbeidsevner og personleg egnetheit

 

Oppstart etter avtale.

   

 

 

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Administrasjonsspråket er nynorsk. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor
Offentlig
Sted
Foldnesvegen, 5353 Straume
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Lege / Allmennmedisin

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stein Inge Stigen
Telefon
55 09 72 26
Følg firma
321 følger dette firmaet

Foldnesvegen, 5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 222875344
Sist endret 22. jun. 2021 10:44

Rapporter annonse