Utløpt

Prosjektleiarar

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Prosjektleiar
Frist
01.08.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Helse Vest har kome langt i sin IT-revolusjon med innføring av nye system, konsolidering av systemporteføljen og digitalisering av arbeidsprosessane. Vi har likevel mange spennande og utfordrande oppgåver framfor oss. Prosjekta i Helse Vest si portefølje har ulik storleik og kompleksitet og omfattar både nasjonale, regionale og lokale satsingar på klinisk og administrativt område. Vi treng engasjerte prosjektleiarar som kan lede an i dette arbeidet.

Våre prosjektleiarar må ha fokus på kvalitet for våre pasientar og tilsette i helseføretaka, samstundes som at det vert levert innanfor avtalt tid og kost. 

Som prosjektleiar må du evne å lytte til- og oppfatte behova, samt evne å skape samhald og god dialog med alle interessentar i leveransane. Du må vere dyktig til å ta avgjersler - og ikkje minst smidig nok til å kunne leie eit prosjekt som endrar kurs når upårekna forhold dukkar opp.

Vi ser etter erfaring og kunnskap om metodar innan prosjekt/-utviklingsarbeid som reduserer tida frå brukarbehov oppstår til løysing er på plass. Gode brukaropplevingar er ei viktig målsetting i våre løysingar. 

Prosjektleiarseksjonen i Helse Vest IKT har over 30 tilsette, og er såleis eit av dei største kompetansemiljøa innan prosjektleiing på Vestlandet. For oss er det eit viktig mantra å spele kvarandre gode, og vi er stolte av eit inkluderande miljø som jobbar for det felles beste. 

Er du ein dyktig og engasjert prosjektleiar som vil løfte eit viktig samfunnsoppdrag vidare? Hos oss vil ditt arbeid kunne skape stor verdiar for eit stort tal menneske, kvar dag.

Kandidatar vert vurderte etter kvart som dei søkjer.  
Arbeidsstad: Bergen, Stavanger, Haugesund eller Førde.   

Arbeidsoppgåver

  • Leie ulike prosjekt og endringsarbeid mot neste generasjon IKT-løysingar i Helse Vest 
  • Vere med å påverke verksemdsutviklinga og IKT-løysingane gjennom di erfaring og ditt engasjement

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, gjerne innanfor IKT
  • Erfaring frå leiing av store IKT-prosjekt i større organisasjonar
  • Kunnskap om produkttenking og -utvikling
  • Erfaring frå samarbeid med eksterne leverandørar
  • Erfaring frå kontraktsoppfølging
  • Erfaring frå prosjekt knytt til utviklings- og endringsleiing
  • Erfaring frå innføring av systemløysingar
  • God kjennskap til moderne rammeverk for utviklings- og endringsarbeid, og tilhøyrande verktøy
  • Evne til arbeid i grenseflata mellom teknologi- og brukarmiljø
  • Kjennskap til helsesektoren er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Ynskje om å vidareutvikle ei karriere innan prosjekt-/programleiing, og å vere med på ei reise mot produktorientering
  • Gode prosjekt- og teamleiareigenskapar
  • Struktur, og du er systematisk og nøyaktig
  • Kurs mot målet og er resultatorientert
  • Evne til å arbeide smidig
  • Fokus på å skape gode brukaropplevingar
  • Evne til å motivere og følje opp
  • Gode samarbeidsevner
  • Initiativ og evne til å arbeide sjølvstendig
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, flytande norsk

Vi tilbyr

  • Gode høve til fagleg utvikling med dyktige og motiverte kollegaer
  • Oppgåver og ansvar med høg samfunnsmessig vinst
  • Høve til å påverke utviklinga i landets viktigaste sektor
  • Deltaking i eit av Vestlandets største prosjektmiljø
  • Godt arbeidsmiljø med kollegaer som saman har skapt ein god arbeidsplass
  • Fleksible arbeidsordningar og fleksitid
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag ca 600 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren, og skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
5052 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 6800 Førde
  • 5527 Haugesund
  • 4021 Stavanger
Bransje
Helse og omsorg,
IT
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eirik Aaserød
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
98 24 03 84
Kontaktperson
Gjertrud Fagerli
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
90 11 02 18
Følg firma
824 følger dette firmaet

5052 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 222753238
Sist endret 21. jun. 2021 10:12

Rapporter annonse