Utløpt

Heimen Husfliden søker butikkansvarlig, vikariat

Arbeidsgiver
Heimen Husfliden
Stillingstittel
Butikkansvarlig
Frist
31.07.2021
Ansettelsesform
Vikariat

Er du vår nye butikkansvarleg i Heimen Husfliden avd. A1

Vi søkjer etter ein butikkansvarleg til eit barselvikariat i avdelinga vår i Arbidergata 1, vi ynskjer ein person som er genuint opptatt av den gode kundeopplevinga og av å vere ein tydeleg leiar og rollemodell for medarbeidarane sine.

Butikken vår har eit mangfaldig og spennande varesortiment. Med Norges største utval av bunader frå heile landet, har vi eit mål om å vere best på husflidssortiment med utgangspunkt i norsk og nordisk design og handverk.

Vi er stolte av historia vår som Noregs eldste leverandør av bunader, og du vil vere med å gi ei tradisjonsrik bedrift eit forfriskande løft.

Tiltredelse 1. oktober eller etter avtale.


Ansvar og oppgåver vil vere

Lede, utvikle og motivere medarbeidarane i butikken.

Dagleg drift og optimalisering av butikken, m.a. oppfølging og drift av alle system i butikken og ansvar for den daglege bemanninga.

Saman med butikksjefen stå for innkjøp av varer til butikken.

Halde deg oppdatert på kva som skjer i bransjen og vere med på messer.

Stillinga følgjer butikkens rullerande arbeidsskjema.


Kvalifikasjonar og eigenskapar

Du må ha gode leiarevner og kunne kommunisere godt med tilsette, kundar og resten av organisasjonen. Du er fleksibel og sjølvstendig og du klarer å halde oversikten sjølv om det er mykje å gjere. Gjennom gode samarbeidsevner og engasjement løyser du utfordringar med eit smil.

Du har god arbeidsmoral og er ansvarsfull.

Du utrykker deg godt på norsk og engelsk, både muntleg og skriftleg.

Minimum 2-3 års butikkerfaring. 1-2 års ledererfaring.

Gode datakunnskapar er ein føresetnad.


Vi tilbyr

Ein mangfaldig og spennande arbeidsplass med trivelege kollegaer.

Varierte arbeidsoppgåver. Ingen dagar er like hos oss!

Ryddige arbeidsforhold.

Pensjonsordning. Personalrabattar. Lønn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Heimen Husfliden har to store avdelingar i Oslo sentrum; Arbeidergata 1 A1 og Glasmagasinet.

Avdelinga i Arbeidergata 1 består av produksjonsavdeling og butikk. Butikken i A1 fokuserer på bunad og bunadstilbehør, og har i tillegg eit breitt utval av vakre tekstilar, klesplagg, gåve- og bruksgjenstandar rotfesta i norsk og nordisk handverk og design. I produksjonsavdelinga arbeider tilsette på sy- og teiknestova med å produsere bunader.

I butikken på Glasmagasinet finst det eit rikhaldig utval av strikkegarn, broderiutstyr, vev og hobbyartiklar.

Heimen Husfliden er ein del av Heimen Husfliden AS. Divisjonen består også av Solhjell AS, som produserer bunader og bunadstilbehør som blir selt til forhandlarar rundt om i Norge.
Les meir om bedrifta her: www.heimenhusfliden.no

søknad kan sendast direkte til Hege.Andresen@heimenhusfliden.no

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Arbeidergata 1, 0159 Oslo
Bransje
Butikk og varehandel
Stillingsfunksjon
Butikkansatt,
Ledelse,
Salg

Nøkkelord

salg, butikk, butikkansvarlig, varehandel, husflid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hege Andresen
Stillingstittel
Butikksjef
Mobil
99 73 50 83
Følg firma
8 følger dette firmaet

Arbeidergata 1, 0159 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 222411182
Sist endret 30. jul. 2021 12:16

Rapporter annonse