Utløpt

Treningsterapeut

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Miljøterapeut/ Idrettskoordinator
Frist
18.07.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) har eit tilbod til klinikken sine pasientar med fokus på fysisk meistring og utgreiing på aktuell fysisk aktivitet. Dette er organisert som eit tyngdepunkt i klinikken, aktiviteten er organisert på Energisenteret for born og unge. Dette er eit innovasjonsprosjekt som er unikt både nasjonalt og internasjonalt. Klinikken ønskjer å utvikle tilbod til barn og unge med fysiske og psykiske helseproblem. I tillegg til dei tradisjonelle behandlingsformane har vi god dokumentasjon for at regelmessig fysisk aktivitet gjer verknad som både førebyggjings- og behandlingsstrategi ved enkelte former for psykiske lidingar og problem. Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.

Energiteamet er tverrfagleg samansett, og består av fire terapeutar med bakgrunn innnan psykisk helse og idrett.

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga ved Energiteamet PBU vil vere med å utvikla eit spennande tilbod for barn og unge med psykiske vanskar
  • Stillinga vil få oppgåver knytta til direkte arbeid med barn og unge, opplysingsarbeid og registrering/skriving/planleggingsarbeid
  • Delta og planlegge inntak av pasientar
  • Administrere ulike grupper (6-23 år) og leie gruppeaktivitetar. Oppfølging i forhold til ikkje møtt
  • Fagutviklingsarbeid og kunnskap om trening og psykiatri
  • Journalføring av arbeidet
  • Evaluering av trening
  • Samarbeid med kommune og treningskontaktar
  • Vere med å drifte og vidareutvikle eit spennande tilbod med fokus på utredning
  • Det må påbereknast noko kveldsarbeid, og arbeid ved akutt,- ungdom,- og barnepost ved ekstraordinært behov.

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i helse og sosialfag, evt. høgare utdanning
  •  Bachelor i folkehelse, eventuelt anna relevant utdanning
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Må ha gode IKT-kunnskapar

Det er også ønskjeleg med:

  • Livbergingskurs/Badevaktkurs
  • Klatrekort (sikkerheitskurs i klatrevegg)
  • Sikringskurs i akrobatikk og longe
  • Kurs i førstehjelp i samband med idrettsskadar
  • HLR-kurs
  • Treningskontakt-kurs
  • Idretts- eller treningserfaring
  • Kurs i kosthald og ernæring
  • Treningsleiar kurs
  • Anna idrettserfaring
  • Kurs i friluftsliv
  • Erfaring fra tverrsektorielt samarbeid
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge med psykiske utfordringar 

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Like varierte utfordringar
  • Ha vilje og evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo

Vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen 

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Nøkkelord

Treningsterapeut,, miljøterapeut,

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Robert Lie
Stillingstittel
Konst. Seksjonsleiar
Telefon
55 97 44 50
Følg firma
2248 følger dette firmaet

Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 222378870
Sist endret 17. jun. 2021 21:19

Rapporter annonse