Utløpt

Byggeleiar - Vegvedlikehald

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Byggeleder - vegvedlikehald
Frist
02.07.2021
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som
innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.

Seksjonen Vedlikehald, drift og beredskap (VDB) har ansvar for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane, og å planleggje og følgje opp entreprenørar og økonomi innan tildelte midlar. Seksjonen har eit beredskapsansvar der vi vurderer og set i gang tiltak som å stenge vegar, eller rydde opp og opne vegar som er stengde grunna uvær, skred eller ?aum. Vi følgjer opp arbeidet til entreprenørar på drift og elektro. På vedlikehald er oppgåvene mellom anna tinging og oppfølging av dekkelegging, vedlikehald og oppmerking. Vårt mål er å syte for best mogeleg og trygg framkomst på fylkesvegane.

Til Vedlikehald Sør søkjer vi no ein byggeleiar - Vegvedlikehald med arbeidsstad Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg hovudansvar for gjennomføringa og oppfølging av arbeidet
  • Utarbeide konkurransegrunnlag, lyse ut konkurranse og kontrahere
  • Rapportere på økonomi, kvalitet, framdrift og HMS på eigne prosjekt
  • Koordinere arbeidet med andre faggrupper og etatar
  • Ha kontakt med andre myndigheiter, interessegrupper og media
  • Vere SHA-koordinator og YM-koordinator med mindre anna er bestemt av prosjektleiar

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.
  • Erfaring med vegvedlikehald.
  • Erfaring med kontraktsutlysing og oppfølging av kontraktar.
  • Det er ein fordel med erfaring og god fagleg tyngde frå byggeleiing.
  • God forståing av prosjekt.
  • Gode kunnskapar i bruk av relevante  IKT- verktøy.
  • Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast.
  • Evne til å samarbeide med og handtere grunneigarar, konsulentar, entreprenørar 

Personlege eigenskapar

  • Evne til å samarbeide med og handtere grunneigarar, konsulentar, entreprenørar og kollegaer på ein god måte. 
  • Personlege eigenskapar som kommunikasjon- og samarbeid vil bli vektlagt.
  • Sjølvstendigheit og fleksibilitet er eigenskapar som er viktige i stillinga.

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad 
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø   
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling 
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte Inge Mandelid; tlf. 90218840.

Anna informasjon

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Sektor
Offentlig
Sted
Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / Asfaltingeniør

Nøkkelord

vedlikehald,, veg,, samferdlse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Inge Mandelid
Stillingstittel
senioringeniør
Telefon
90 21 88 40
Følg firma
1072 følger dette firmaet

Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli

Annonseinformasjon

FINN-kode 222302963
Sist endret 17. jun. 2021 09:19

Rapporter annonse