Utløpt

Kulturskulelærar Drama/Teater, Fast 40%

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Kulturskulelærar Drama/Teater, Fast deltids-stilling
Frist
24.06.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune
Time kulturskule skal tilsette lærar i drama/teater i fast stilling. Arbeidsinnhald er undervisning av dramagrupper i ulik alder og på forskjellig nivå, frå nybegynnarar til ev fordjupingsprogram og "Fredagskuletilbod". Deler av stillinga er sett av til arbeid med produksjon og prosjektleiing. Me søkjer deg som vil vera ein del av lærarkollegiet i ein framtidsretta, attraktiv, aktiv og kreativ kulturskule. 
Time kulturskule har i dag 21 tilsette og om lag 650 aktive elevplassar, 40/45 av desse er drama/teater-elevar. I tillegg har me instruktør/dirigentansvar for 4 skulekorps. 
Skulen har eit allsidig undervisningstilbod innan dei 5 fagområda musikk, dans, drama, kunstfag og skapande skriving. Nokre av musikklærarane innehar del-stilling for kunstnarisk utøving.
Kulturskulen arbeider fast med ein årleg Ungdomsmusikal i tillegg til anna tverrfagleg produksjons-arbeid i stor og liten skala. 
Kulturskulen sin base ligg sentralt i nærleiken av Bryne sentrum/Bryne stasjon. Me har samlokalisering med Bryne skule om undervisningsrom og aula, og hovudvekta av den faste undervisninga skjer her. I tillegg har me tilbod om noko desentralisert undervisning ute på krinsskulane i kommunen. Til større framføringar og førestillingar nyttar me scenen på kulturhuset Storstova og Bryne Mølle. 
Me har samarbeid med lokalt kulturliv, med grunnskule og barnehage og med kulturskulane i nabokommunane. Det er ei målsetting å vera synlege i lokalsamfunnet og elevane skal læra, utøva og oppleva gjennom dei estetiske faga.
Time kulturskule arbeider etter Rammeplan for kulturskulen "Mangfald og fordjuping", eigne lokale fagplanar og har fokus på vurdering for læring. Kulturskulen har tidlegare hatt status som demonstrasjonskulturskule.  

Arbeidsoppgåver

Drama/Teaterlæraren skal vera del av Time kulturskule sitt lærarkollegie og faglege fellesskap. Me ønskjer at du kan gje dramafagleg allsidig undervisning med tilrettelagd innhald på ulikt nivå og for forskjellige aldersdelte elevgrupper, frå yngre nybegynnarar til vidarekomne ungdommar på fordjupingsprogram. Du må vera fleksibel til å kunne skape og å arbeide fram prosjekter og produksjonar. Dramalærar går inn i team med ei basislærargruppe for produksjon av den årelge Ungdomsmusikalen. Du vil også ha ansvar for eigne og eventuelt tverrfaglege framføringar og førestillingar i kulturskulen. Dramalæraren deltek i tverrfaglege lærarteam og seksjonassamarbeid i lag med andre faglærarar i kulturskulen. Undervisninga skal vera i samsvar med Rammeplan for kulturskulen "Mangfald og fordjuping", våre eigne lokale fagplanar og etter prinsippet om vurdering for læring, elevmedverknad og individuell tilrettelegging. 

Kvalifikasjonar

Det er ønskjeleg med dramafagleg og pedagogisk utdanning frå høgskule/universitet på bacheleor - eller masternivå. Erfaring frå undervisning i kulturskule vert vektlagd. Det er ønskjeleg med både erfaring og kunnskap om kunstnarisk produksjonasarbeid med og for elevar på kulturskulenivå.  

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som med fagleg dyktigheit har evne til å sjå den enkelte elev og kan legga til rette for god læring og meistring. I tillegg må du kunne sette fokus på trivsel, samhald og kreativ skaparglede for elevane i dramagruppene. Du må ha gode samarbeidsevner, vera samhandlande og samtidig ha teft for sjølvstendige arbeidsoppgåver og initiativtaking. Me søkjer deg som trivst i lag med barn og ungdom, som er positiv og deltagande og som våger å koma med eigne innspel til utvikling.  

Me tilbyr

Time kulturskule tilbyr eit godt, positivt og levande arbeidsmiljø. Dei tilsette er opptekne av å finna gode løysingar og å gjera kvarandre gode. Kulturskulekollegaene arbeider etter felles forankra verdiar: Kreativitet, Kunstnarisk kompetanse, Engasjement, Trivsel og Respekt, Samarbeid og Ansvar. 
I tillegg til fast undervinsing har vi aktivitet med prosjekt, opptredenar og utadretta verksemd for både elevar og lærarar. Kulturskulekvardagen inneber variasjon og eit allsidig arbeidsinnhald. 
Lønn etter gjeldande tariff for kulturskulelærarar. Gode pensjonsordningar. 

Om arbeidsgiveren

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.


Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Sted
Ola Barkveds veg 16, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Guri Årsvoll
Stillingstittel
Rektor
Telefon
47 30 12 09
Følg firma
605 følger dette firmaet

Ola Barkveds veg 16, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 222229281
Sist endret 17. jun. 2021 13:52

Rapporter annonse