Utløpt

Sosionom - Miljøterapeut

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sosionom
Frist
29.06.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Avdeling for rusmedisin (AFR) har ca. 570 medarbeidarar. Avdelinga har seks døgn seksjonar for både akutt- og planlagd behandling, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og ein LAR seksjon. Avdelinga er i ei spennande utvikling knytt til mellom anna aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar- og fagleg integrasjon med psykisk helsevern. Avdelinga har eigen forskingsseksjon med mange spennande prosjekt.
 
Klokkarvik er ein del av Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen HF. Institusjonen ligg i naturskjønne omgjevnader, 40 minuttars køyring frå Bergen sentrum. Vi gir eit tverrfagleg tilbod til 18 mannlege pasienter.
 
Seksjonen har no ledig stilling for sosionom med langvakter fra 08.00 - 20.30 og arbeid kvar 4 helg. Vi tilbyr eit spanande tverrfagleg samarbeid saman med andre fag grupper.  Dette er eitt års vikariat fra 20.09.21. 

Arbeidsoppgåver

  • Sosionom arbeidar saman med lege, psykologar, musikkterapeut, treningsterapeut og anna miljøpersonell på dagtid. Ettermiddag/kveld fortsett du arbeidet med miljøpersonalet, med ein lege i bakvakt
  • Kunne arbeide sjølvstendig og bistå pasientar i sosialfaglige saker
  • Miljøterapeutiske tiltak
  • Individualsamtaler
  • Deltaking i gruppebehandling
  • Undervisning til pasientar
  • Kontinuerlig evaluering av tilbodet i samråd med team og leiing
  • Tverrfaglig samarbeid i avdelinga og på tvers av avdelingar og verksemder

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arbeid innan somatikk, rus og/eller psykisk helsevern er ein fordel
  • Må ha norsk autorisasjon som sosionom
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B er ein fordel
  • God evne til samarbeid  

Personlege eigenskapar

  • I tillegg til faglege kvalifikasjonar, legg vi vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne og evne til sjølvstende, strukturert og målretta arbeid

Vi tilbyr

  • Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Regelmessig internundervising
  • Svært godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Arbeid pt. kvar 4. helg  - langvakter
  • Årsturnus/kalenderplan
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Sundssjøen 20, 5378 Klokkarvik
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sosionom

Nøkkelord

Miljøterapeut,, sosionom

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne Steen Reikerås
Stillingstittel
Leiar
Telefon
95 12 06 76
Kontaktperson
Gerd Helene Irgens
Stillingstittel
Seniorrådgjevar
Telefon
48 88 70 04
Følg firma
2234 følger dette firmaet

Sundssjøen 20, 5378 Klokkarvik

Annonseinformasjon

FINN-kode 222061513
Sist endret 14. jun. 2021 21:28

Rapporter annonse