Utløpt

Er du klar for noko nytt og spanande?

Arbeidsgiver
Habiliteringstenester
Stillingstittel
Vernepleiar i døgnturnus - 2x100 % fast
Frist
28.06.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

Kort om stillinga

Vi har ledig 2x100 % faste stillingar som vernepleiar i team som skal gje tenester i heimen til ein person med utviklingshemming. Oppstart er sett til 01.10.2021, og det er fint om du kan starte hospitering/opplæring i september. Arbeidet er i døgnturnus.

Om arbeidsplassen

Arbeidsplassen vil vere i heimen til ein person med utviklingshemming, der det er lagt til rette for gode personalfasilitetar. Arbeidsplassen er lokalisert ca 10 min køyring frå Knarvik. Butiltaket er organisert under avdelinga Ressurskrevjande tenester.

Arbeidsoppgåver

  • Reguleringsttøttande samhandling, byggje sjølvkjensle og sjølvstende
  • Vere fysisk aktiv og gjere meiningsfulle aktivitetar med beboer
  • Bidra til fagleg utvikling
  • Delta på samarbeidsmøter rundt den einskilde bebuar
  • Dagleg tilrettelegging og planlegging av tenesteytinga
  • Legemiddelhandtering
  • Bidra til at daglege praktiske oppgåver vert gjennomført
  • Dokumentasjon av tenesteytinga, i Profil
  • Delegerte oppgåver frå leiar

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Offentleg godkjent vernepleiar
  • Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming, og utfordrande åtferd
  • Førarkort klasse B
  • Kjennskap til lov om kommunale helse- og omsorgstenester, kap. 9
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne

Personlege eigenskapar

  • Evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til brukar og kollegaer
  • Evne og erfaring til å takle andre personar sine utfordringar og å møte brukar i sårbare situasjonar på "deira utviklingsnivå"

Du er ein tydeleg og trygg omsorgsperson, som er aktiv og kreativ når det gjeldt å motivere, men og rolig og tolmodig når situasjonen krev dette. Du er interessert i å "gjere ein forskjell" når du er på jobb, og du er opptatt av refleksjon kring tenesteytinga og lojalitet kntt til felles retningliner.

Vi ser etter deg som har god fysisk og psykisk helse, som er fleksibel og løysingsorientert. Personleg eignaheit vert sterkt vektlagt.

Vi tilbyr

  • Gode arbeidstilhøve og eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Gode pensjonsvilkår 

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

Om arbeidsgiveren

Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
5918 Frekhaug
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

vernepleiar, habilitering, ressurskrevjande, utviklingshemming, miljøterapeut

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Odd-Jarle Hitland
Telefon
41 50 83 00
Følg firma
412 følger dette firmaet

5918 Frekhaug

Annonseinformasjon

FINN-kode 222017011
Sist endret 15. jun. 2021 09:33

Rapporter annonse