Vi opprettar ny stilling, lyst til å bli med å utvikle Vestlandsforsking vidare?

Arbeidsgiver
Stiftinga Vestlandsforsking
Stillingstittel
Forskingsrådgjevar
Frist
27.06.2021
Ansettelsesform
Fast

Vestlandsforsking ønskjer å tilsetje ein forskingsrådgjevar. Dette er ei nyoppretta stilling som inneber arbeid med rutinar knytt til forskings- og prosjektarbeid og inngår i administrasjonen saman med direktør, økonomirådgjevar, personalleiar og kommunikasjonsansvarleg.

Administrasjonen har ansvar for løn, rekneskap, budsjettarbeid, rapportering og analysar, og har ein viktig støtte- og kontrollfunksjon for prosjektarbeidet, i tillegg til oppgåver knytt til formidling og kommunikasjon. Den nye stillinga gir ei stor kontaktflate i heile organisasjonen.

Arbeidsoppgåver:

Instituttet deltek i regionalt, nasjonalt og internasjonalt finansierte prosjekt med ulike økonomi- og rapporteringsordningar. Overordna vil du ha ansvar for å oppdatere og utarbeide system og rutinar for forskingsarbeidet ved instituttet, til dømes knytt til open publisering, personvern og forskingsetikk. Dette inneber å koordinere og halde seg oppdatert på endringar i lovverk og krav frå Forskningsrådet og andre oppdragsgivarar, og ha tett dialog med andre delar av instituttsektoren og regionale aktørar.

Ei anna viktig oppgåve vil vere å støtte forskarane i søknadsarbeid, økonomistyring i prosjekt, øvrig prosjektadministrasjon og kontraktarbeid. Du skal òg hjelpe prosjektleiarane med budsjettutforming, rapportering og liknande. Dette er særleg viktig i større prosjekt, som EU-finansierte forskingsprosjekt.

Det vil vere ein fordel om du har kjennskap til fagområda våre og erfaring frå forskingsarbeid og forskingsadministrasjon.


Vi ønskjer oss kandidatar med fleire av desse kvalifikasjonane:

  • Relevant høgare utdanning (minimum mastergrad i til dømes juss, administrasjon, samfunnsfag, økonomi eller anna relevant masterutdanning)
  • Kjennskap til/erfaring med forsking og prosjektadministrasjon
  •  Kunnskap om relevant lov- og avtaleverk
  •  Erfaring med eksternt finansiert aktivitet og systemkrav til nasjonale og internasjonale prosjekt
  •  Erfaring med rapporterings- og analyseverktøy
  •  Evne til å hente ut relevant informasjon frå større datamengder og analysere desse
  •  Gode språk- og skriveferdigheiter (nynorsk, bokmål og engelsk)


For å lukkast i stillinga må du ha evne til å arbeide nøyaktig, strukturert og sjølvstendig. Vi søkjer deg som er fleksibel, løysingsorientert og har evne til å samarbeide med andre. Du bør ha stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne. Du må kunne handtere ein hektisk arbeidskvardag med fleire ulike fokus. Fordi stillinga er nyoppretta, kan det vere aktuelt å utføre andre oppgåver enn dei nemnde etter ønskje og behov. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

Vestlandsforsking tilbyr interessante og utviklande arbeidsoppgåver, eit triveleg arbeidsmiljø, etablerte nettverk for fagleg samarbeid, bedriftsidrettslag og gode ordningar for pensjon, forsikring og velferd. Forskingsrådgjevaren rapporterer til direktøren ved instituttet. Løn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar/annan dokumentasjon kan alternativt sendast til Vestlandsforsking, postboks 163, 6851 Sogndal.

Søknadsfrist: 27.06. 2021

For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med fungerande direktør Hans Jakob Walnum.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Om arbeidsgiveren

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forsking og utviklingsarbeid for næringsliv og offentleg sektor. Vi er 35 personar i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Vi har lange tradisjonar med internasjonalt forskingssamarbeid, og vi utfører både regionale og nasjonale forskingsoppdrag. Vi held til på Campus Sogndal, i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap. Sogndal er kjend for fantastisk natur og gode forhold for aktivt friluftsliv.

Nettverk
Facebook LinkedIn Twitter
Sektor
Privat
Sted
Røyrgata 4, 6856 Sogndal
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hans Jakob Walnum
Stillingstittel
Fungerande direktør
Mobil
958 99 032
Nyhet! Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"

Søk her

Følg firma
10 følger dette firmaet

Røyrgata 4, 6856 Sogndal

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 221180243
Sist endret 7. jun. 2021 13:52

Rapporter annonse