Utløpt

Spennande stilling i Norges leiande selskap innan reiselivsbransjen!

Arbeidsgiver
BERG-HANSEN NORDVEST AS
Stillingstittel
Prosjektkoordinator for gruppereiser, konferanser og events
Frist
20.06.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Manpower

Prosjektkoordinator til vår avdeling for gruppereiser, konferansar og events

Berg-Hansen søker etter engasjert medarbeidar i fast stilling for å jobbe med å gjennomføre prosjekt for store og mindre gruppereiser og arrangement, både inn- og utland. Vi er på jakt etter ein lagspelar som bidreg til at kundane opplever samarbeidet så verdifullt at dei vel Berg-Hansen igjen og igjen. Kontorstad for stillinga kan være Ålesund eller Fosnavåg.

Viktigaste ansvarsområde og oppgåver:

  • Kommunisere med kunde, produsere, budsjettere og gjennomføre små og store arrangement
  • Følge kunden tett opp, både før, under og etter arrangementet
  • Delta i marknadsaktivitetar retta mot eksisterande og potensielle kundar når det er behov
  • Oppdrag som reiseleiar og konferansevert

 

For å lykkast i stillinga må du:

  • Vere proaktiv og tett på kunden heile vegen gjennom planlegging, produksjon og gjennomføring
  • Ha ei utprega serviceinnstilling, god kremmarånd og lyst til å by litt ekstra på deg sjølv
  • Ha gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg, norsk (bokmål eller nynorsk) og engelsk
  • Vere løysingsorientert, handlekraftig, og kunne handtere uforutsette hendinger
  • Trivast med et høgt arbeidstempo i kombinasjon med teamarbeid og sjølvstendig prosjektansvar
  • Ha eigenskapar som fleksibel, nøyaktig, strukturert, omgjengeleg og positiv

 

Vi søker deg som:

  • Gjerne har utdanning innen reiseliv/prosjektledelse/salg/markedsføring
  • Er nytenkande, som liker å la deg inspirere av ny teknologi og nye løysingar
  • Er nysgjerrig på ny kunnskap og rask til å lære digitale verktøy
  • Er profesjonell, idérik og stiller høge krav til eigen leveranse
  • Har genuin interesse for reiseliv og kundeservice

 

Berg-Hansen tilbyr:

  • Sjølvstendig stilling, under leiing av teamleiar Meeting & Event, i ein uformell organisasjon der trivsel og godt miljø er viktig
  • Ein spennande og utfordrande jobb med høve til fagleg og personleg utvikling
  • Eit selskap som er fokusert på berekraft og der verdiane ansvarleg, nytenkande, personleg og uredd er godt forankra

 

Oppstart snarast.

For spørsmål rundt stillinga ta kontakt med Manpower sin representant på e-post eller telefon.

 

Om arbeidsgiveren

Berg-Hansen Nordvest AS



Berg-Hansen Nordvest AS, med kontor i Ålesund, Fosnavåg, Volda og Førde, er stolt medlem av reisebyrå-kjeda Berg-Hansen med rundt 400 tilsette over heile landet. På kontoret vårt er vi 26 kollegaer som brenner for jobben vår. Kvar dag har vi som mål å gjere kundane nøgde, samtidig som vi har det kjekt saman. Våre medarbeidarar er nøkkelen til vår suksess, og vi ønsker å rekruttere medarbeidarar som vil være med å vidareutvikle Berg-Hansen, og bidra til at vi når våre mål om å ha bransjens mest tilfredse kundar. Hos oss får du eit unikt høve til å utvikle deg saman med dei beste i reiselivsbransjen!  

Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
6090 Fosnavåg
Bransje
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Rådgivning,
Rådgivning

Nøkkelord

Reisebyrå, Reisearrangør, Turoperatør, Reiseliv, Turisme

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Camilla Botnen
Telefon
99 53 90 56
Kontaktperson
Terje Natvik
Telefon
90 75 78 14
Følg firma
11472 følger dette firmaet

6090 Fosnavåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 220888379
Sist endret 21. jun. 2021 04:36

Rapporter annonse