Utløpt

Daglig leiar

Arbeidsgiver
Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKS)
Stillingstittel
Daglig leiar
Frist
22.06.2021
Ansettelsesform
Fast

Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKS)

Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKA Møre og Romsdal/IKAMR) er eit interkommunalt selskap eigd av 28 kommunar og Møre og Romsdal fylkeskommune. IKA Møre og Romsdal er ein kompetanseinstitusjon for eigarane innan arkiv og dokumenthandtering, og forvaltar og formidlar papirbasert og digitalt depot for kommunane. IKA Møre og Romsdal koordinerer også arbeidet med privatarkiv i Møre og Romsdal. Dei fylkeskommunale institusjonane Kulturnett M&R, Fylkesfotoarkivet i M&R og Senter for Digitalisering av Kulturarven (SEDAK) er lagt til IKAMR. I tilegg yter vi personvernombodstenester til 20 kommunar og fylkeskommunen. Ein aukande del av arbeidet til IKAMR er prosjektoppdrag med digitalisering av byggesaksarkiv og ordning av papirarkiv til eigarane. IKA Møre og Romsdal har i dag 27 tilsette.

 

Vi er 27 høgt utdanna, motiverte og fagleg sterke medarbeidarar som ønsker oss ein leiar som ser oss, lyttar til oss, rettleier oss og vil samarbeide med oss om organisasjonsutvikling, digitalisering, kulturarv, og teknologi. Du er målretta med god gjennomføringsevne, ønsker å bidra til fornying og omstilling, og er god til å kommunisere, samarbeide og knyte relasjonar. Du vil rapportere til styret.

Arbeidsoppgaver

  • Leie og vidareutvikle Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal i samhandling med eigarar, styre og tilsette
  • Strategi- og planarbeid
  • Økonomi- og budsjettarbeid
  • Personalleiing
  • Rådgjeving i arkivfaglege spørsmål til medlemskommunane
  • Bygge relasjonar til andre fagmiljø, både lokalt, regionalt og nasjonalt

Ønskede kvalifikasjoner

Det er nyttig å ha kjennskap til arkivfaget, men det er ikkje avgjerande. Du må ha kulturhistorisk forståing og gjerne ha kjennskap til offentleg sektor. Du har solid teoretisk grunnlag og ser korleis ulik kompetanse kan brukast på rett måte på rett plass i samarbeid med andre. Satsingsområda våre mot 2024 er å sikre arkiva, digitalisering og organisasjonsutvikling. Du verdset kunnskap om fortid og notid for framtid.

Personlige egenskaper

Vi ser etter deg som har evne til å skape entusiasme og fellesskap i eit fagmiljø med sterke drivarar for sitt virke. Du likar å involvere og veit, forstår og evnar å ta avgjerder når det krevst. Du organiserer og delegerer på ein måte som skaper lyst og utvikling og er den som går føre i innsats og engasjement. Du veit når du skal vere synleg og når du skal la andre skine.

Vi tilbyr

  • Toppstillinga i ei skjult perle av ein arbeidsplass
  • Moglegheit til å sette fotavtrykk i eit viktig samfunnsoppdrag
  • Utviklingsretta arbeid med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit høgkompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Regionalt og nasjonalt fagmiljø
  • Medlemskap i KLP
  • Løn etter avtale

 

Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedd om fritak, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir godtatt.

For nærmare informasjon om stilling og selskap kontakt rådgjevarane Ivar Morten Normark, tlf: 97501433, eller Linda Skytterholm tlf: 966 25527. Søknadsfrist 22. juni.
Sektor
Offentlig
Sted
Kirkegata 10, 6001 Ålesund
Bransje
Arkiv og bibliotek,
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Arkivar og bibliotekar,
Forretningsutvikling og strategi

Nøkkelord

Ledelse, Administrerende direktør, CEO, Kultur, Innovasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Personalhuset Search & Selection avd. Ålesund
Telefon
96 62 55 27
Følg firma
8409 følger dette firmaet

Kirkegata 10, 6001 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 220877951
Sist endret 23. jun. 2021 00:43

Rapporter annonse