Utløpt

Straumnettet er grunnlaget for elektrifiseringa – bli med!

Arbeidsgiver
Sygnir AS
Stillingstittel
Energimontør
Frist
21.06.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med SYGNIR AS

Våre energimontørar skal aktivt jobbe med trygg og effektiv bygging og drift av samfunnskritisk infrastruktur. Arbeidet er svært variert .


Arbeidsoppgåver

  • Byggje, montere og dokumentere kabelanlegg, nettstasjonar, sekunderstasjonar og linjer i små og store prosjekt
  • Drift og vedlikehald av eksisterande nettanlegg
  • Rettleie og vere førebilete for lærlingane


Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Fagbrev som energimontør
  • Førarkort kl. B
  • Gjerne førarkort kl. C


Du tek HMS på alvor og tek aldri snarvegar. Du er med og skapar ein trygg og sikker arbeidskvardag. Arbeidet utfører du med fagleg dyktigheit og er ein problemløysar. 

Du likar å arbeide sjølvstendig, men har gode samarbeidsevner. Dei digitale verktøya lærer du deg og nyttar aktivt. Du beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg.


Som energimontør i Sygnir vil du få engasjerte og kjekke kollegar, samt faglege utfordringar i eit framtidsretta selskap med viktige og interessante oppgåver. 

Oppmøtestad er Lærdal.

Både nyutdanna og erfarne vert oppfordra til å søkje. Vi ønskjer særleg kvinnelege søkjarar.

For meir informasjon ta kontakt med overmontør Hans Erik Vikøren på tlf. 990 99 043.

Send søknad og CV . Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn fortløpande til intervju så snart vi har motteke søknaden.

Om arbeidsgiveren

Sygnir AS er eit nettselskap og ein del av Sognekraftkonsernet. Sygnir AS eig, driftar og forvaltar selskapet sitt regional -og distribusjonsnett på 1900 km og eit omfattande fibernett innanfor konsesjonsområdet avgrensa av kommunane Vik, Sogndal, Lærdal og Aurland. Sygnir AS har om lag 80 tilsette.

Sektor
Privat
Sted
6887 Lærdal
Bransje
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Annet

Nøkkelord

energimontør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hans Erik Vikøren
Stillingstittel
Overmontør
Mobil
99 09 90 43
Følg firma
29 følger dette firmaet

6887 Lærdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 220654393
Sist endret 15. jul. 2021 08:56

Rapporter annonse