BESATT

Vil du marknadsføra og utvikla den mest spanande destinasjonen i Noreg?

Arbeidsgiver
Visit Hardangerfjord AS
Stillingstittel
Product Marketing Manager
Frist
30.06.2021
Ansettelsesform
Fast

Me søker etter deg som ynskjer å marknadsføra og utvikla den mest spanande reiselivsregionen i Noreg!


I stillinga som Product Marketing Manager, eller produkt-marknadssjef som det heiter på godt norsk, vert du ein del av vårt marknadsteam, der du har hovudansvar for B2B-marknadsføring og utvikling. Du vil også bidra innan digital marknadsføring retta mot B2C, produktutvikling i samarbeid med reiselivsbransjen, bistå i planlegginga av innhaldsproduksjon, presse/PR og rapportering til bransjen.


Reiselivsbransjen i Hardanger er i stor utvikling med fleire nye prosjekt og tilbod. Regionen står sterkt blant norske og utanlandske turoperatørar gjennom fleire års målretta satsning. Turoperatør-bransjen/B2B er i stor endring med eit stadig større fokus på digital kommunikasjon og digital marknadsføring. Me ynskjer å koma i kontakt med deg som kan vidareutvikla og ivareta vårt store nettverk av nasjonale og internasjonale aktørar samstundes som du tek del i vår digitale satsing og branding av merkevara Hardanger.


I Visit Hardangerfjord får du stor fleksibilitet og moglegheit til å påverka idear, konsept og kampanjar retta mot eit nasjonalt og internasjonalt publikum. Ein viktig del av den varierte arbeidskvardagen vil vera å formidla små og store opplevingar i Hardanger. Me har kjende ikon som Trolltunga, Hardangerfjorden, Folgefonna, Vøringsfossen, Sider frå Hardanger og ei rik historie med sterke tradisjonar. Du bør difor ha sans for å ha det kjekt på jobben!

 

I eit normalår inneberer stillinga noko reising regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Vårt framoverlente arbeidsmiljø er prega av høgt tempo, stor friheit under ansvar og openheit for nye impulsar og trendar.


Erfaring frå liknande markandsarbeid er ein fordel. Du kan også vera ein relativ fersk marknadsførar med riktige kvalifikasjonar og eigenskapar.

 

Kvalifikasjonar me ser etter:

  • Dyktig marknadsførar med relevant bakgrunn/utdanning
  • Erfaring frå arbeid med digitale marknadskanalar og marknadsverktøy
  • Sjølvstendig med høg gjennomføringsevne
  • Strukturert og kreativ
  • Godt språk (engelsk og norsk) for å skapa engasjerende innhald og kommunikasjon. Nynorsk vil verta prioritert.
  • Auge for godt design og estetikk


Ynskjeleg:

  • Erfaring frå/med CMS- og CRM-system
  • Ikkje vera redd for å stå framfor kamera
  • Erfaring med produktutvikling
  • Kjennskap til reiselivsbransjen

 

Me tilbyr:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Spanande arbeidsoppgåver og stor fridom
  • Kreativt miljø og mykje moro
  • Vera med på å utvikla reiselivsbransjen post-c19.
  • Ein uhyre kjekk arbeidsplass, om me får seia det sjølv.

 

Kontorplass: Norheimsund

Om arbeidsgiveren

Visit Hardangerfjord er eit destinasjonsselskap som marknadsfører Hardanger-regionen med kommunane Kvam, Eidfjord, Ulvik, Ullensvang og Kvinnherad. Vår misjon er å visa fram og korta ned avstanden til den desidert mest spanande regionen i Noreg. Dette gjer me gjennom blant anna produktutvikling, digitale og trykte kampanjar, sosiale medier, bearbeiding av internasjonale turoperatører gjennom b2b-kanaler, PR og media håndtering, innhaldsproduksjon og marknadssamarbeid med regionale og nasjonale partnere.

Nettverk
Facebook LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
5600 Norheimsund
Bransje
Markedsføring og annonsering,
PR, informasjon og kommunikasjon,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Markedsfører,
PR og informasjon,
Prosjektledelse

Nøkkelord

markedsføring, innholdsmarkedsføring, merkevarebygging, kommunikasjon, b2b

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Andreas Skogseth
Stillingstittel
CEO
Mobil
926 64 894
Følg firma
19 følger dette firmaet

5600 Norheimsund

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 220502375
Sist endret 27. jul. 2021 18:45

Rapporter annonse