Utløpt

Dataforvaltar (seniorrådgjevar)

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Dataforvaltar/Dataanalytikar (seniorrådgjevar)
Frist
14.06.2021
Ansettelsesform
Fast

Vil du vere sentral i utviklinga av framtidsretta, gode digitale løysingar for våre reisande? Skyss går no igjennom ei forretningsmessig utvikling som gjev endringar og nye moglegheiter for å jobbe i front med ny teknologi og sy tenester saman på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å lukkast med dette treng vi databasert innsikt, slik at vi kan ta gode avgjersler som skapar eit betre tilbod. Både mengde data og kompleksitet relatert til korleis data oppstår og blir brukt er i rask endring, og det å ha kapasitet og kompetanse til å forvalte dette er ei føresetnad for at vi skal kunne levere mobilitet på nye og meir effektive måtar. 

Arbeidsoppgåver

  • Drift, forvaltning og utvikling av BI-/datavarehusmiljøet i Skyss
  • Sikre datakvalitet, driftsstabilitet og god dokumentasjon
  • Rapportdesign og datavisualisering
  • Bidra med faglig støtte, statistikk og analyser internt og eksternt
  • Bidra med samarbeid mellom kollektivselskap i Norge i forhold til korleis nytte og utvikle BI/dataområdet

Kvalifikasjonar

  • Høgre utdanning innanfor IT-fag (Master/hovudfag)
  • Dokumentert erfaring med BI-miljø og datavarehusløysningar
  • God forståing av datamodeller og analyse av data
  • God kjennskap til BI-verktøy som Power BI ol.
  • Forståing for systemarkitektur og integrasjonar som til dømes Python, R , C#
  • Forståing for IT som driver for forretningsutvikling
  • Evne til å omsette komplekse modeller i enkle og brukarvennlege grensesnitt
  • Kjennskap til ulike arbeidsmetodikkar og praktisering av rammeverk       
  • Gode munnlege og skriftlege emner på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Proaktiv, ansvarleg og tek eigarskap
  • Analytisk og systematisk
  • Opptatt av å skape informasjon ut frå store datamengder
  • Opptatt av kvalitet og effektivitet
  • Løysingsorientert
  • Nysgjerrig på ny teknologi
  • Fleksibel og gir støtte til resten av organisasjonen
  • Klar til å vidareutvikle si eiga rolle
  • Målmedviten og sjølvstendig – levere som avtalt

Vi tilbyr:

  • Samfunnsnyttige oppgåver og moglegheit for stor påverknad på kollektivtrafikken i Vestland
  • Stillinga inngår i gruppa for dataforvaltare og rapporterer til leiar for digitale tenester
  • Eit engasjert arbeidsmiljø 
  • Fagleg utvikling
  • Gode og stabile arbeidstilhøve gjennom Vestland fylkeskommune
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Lønn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

 

Andre opplysningar:

  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Stillinga er ei fast tilsetjing i Vestland fylkeskommune
  • Skyss har kontorstader i Bergen, Førde og Leikanger. Fast arbeidsstad etter avtale
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25,2.ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.  

Om Skyss :

Skyss utviklar framtidas reiseoppleving, og skal tilby attraktiv mobilitet og bidra til berekraftige byar og bygder i Vestland fylke. Vi skal bidra til å nå måla i Parisavtalen. Skyss har som mål å gje den enkelte moglegheit for å reise berekraftig frå der du er til dit du skal. Dette gjer Skyss ved å utvikle og tilby kollektiv- og mobilitetstenester. I dag omfattar det buss, bybane, ferje og båt i heile Vestland fylke. Skyss sitt arbeidsfelt vil gå igjennom store endringar i åra som kjem. Vi jobbar med ein digital transformasjon. Dette gjer det mogleg å ta i bruk ny teknologi og sy tenester saman på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland fylke. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune med om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.  

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Database,
IT utvikling / Utvikler (generell),
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations

Nøkkelord

Dataforvalter

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Terje Rongsvåg
Stillingstittel
Seniorrådgjevar
Telefon
91 56 17 99
Kontaktperson
Knut Peder Eriksen
Stillingstittel
Leiar
Telefon
95 14 98 87
Følg firma
1074 følger dette firmaet

Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli

Annonseinformasjon

FINN-kode 220465271
Sist endret 31. mai 2021 15:04

Rapporter annonse