Utløpt

Rektor

Arbeidsgiver
Masfjorden kommune Oppvekst
Stillingstittel
Rektor
Frist
17.06.2021
Ansettelsesform
Fast

Stillinga som rektor ved Sandnes skule er ledig frå 1.8.2021

Sandnes skule er ein 1-10 skule med 57 elevar skuleåret 2021/2022. Det er 18 tilsette ved skulen, av dei er 5 fagarbeidarar og assistentar. Administrasjonsresussen på 108 % er delt på rektor og inspektør. Skulen har kontormedarbeidar i 50 % stilling. Rektor har oppvekstleiar som næraste overordna. Dei tre rektorane i Masfjorden utgjer kommunen si rektorgruppe. Rektor vil og ha eit tett samarbeid med med styrar i Sandnes barnehage.

Rektor er skulen sin administrative og pedagogiske leiar og har eit sjøvstendig ansvar for fag, personale og økonomi ved Sandnes skule og SFO.

Lokala på Sandnes skule vert på fritida nytta av kulturskule, idrettsskule, fotballag, all-idrett, sjakk-klubb og skulemusikk.

Me søkjer etter ein rektor med
  • gode samarbeidsevner og som ynskjer å gjera ein forskjell
  • kunnskap om skuleutvikling og evne til nytenking
  • evne og vilje til å føra vidare arbeidet for eit godt arbeidsmiljø for elevar og tilsette og utnytta personalet sine sterke sider og ulike kvalitetar. 
  • evne og vilje til å vera pådrivar for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen
  • brei undervisningspraksis og røynsle frå leiing i skulen
  • dei nødvendige formelle kvalifikasjonar 
Me tilbyr
  • leiarutvikling og nettverk
  • erfarne medarbeidarar
  • godt samarbeid mellom heim og skule
  • eit godt læringsmiljø
  • ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling

Løns- og arbeidsvilkår etter avtaleverket og nærare avtale.

Den som vert tilsett må leggja fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader

Send søknad elektronisk via heimesida til kommunen
Sektor
Offentlig
Sted
Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Oppvekstleiar Rita Ludvigsen
Telefon
56 16 62 41
Følg firma
10 følger dette firmaet

Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 219006950
Sist endret 7. jun. 2021 15:13

Rapporter annonse