Utløpt

Ledige stillingar ved Sogn- Jord og Hagebruksskule

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Ledige stillingar ved Sogn- jord og hagebruksskule
Frist
26.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Ulike stillingsprosentar ved SJH, grunna avgang og nye prosjekt.

Arbeidsoppgåver

 

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk med plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga.  Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid).   
For meir informasjon gå til skulen si heimeside: www.sjh.no   


Ledige stillingar

Frå 1. august 2021 har skulen ledige stillingar innan følgjande område:
 
50% stilling som faglærar utmark og kulturlandskap vg3, plante og husdyrproduksjon vg3, yrkesfagleg fordjuping vg2 med hovudvekt på snikkararbeid/byggteknikk og jordarbeid.
30% stilling som faglærar i gardsdrift vg3, forvaltning og drift vg2, med hovudvekt på rekneskap og landbruksøkonomi.
80% stilling som faglærar og fagleg ansvarleg i mjølkeforedling på Fagskulen med atterhald om at tilbodet vert sett i gang frå hausten 2021.

Ansvars- og arbeidsområde
Ansvar for undervisning for gjeldande fagområde
Aktiv deltaking i tverrfaglege team
Aktiv i utviklingsarbeid innan fagfeltet
Krav til utdanning og praksis
Relevant fagleg og pedagogisk utdanning
Relevant arbeidserfaring innafor fagområdet
Kunnskap og engasjement for økologisk landbruk

Kvalifikasjonar

Personar med godkjent relevant utdanning innan dei ulike fagområda

Personlege eigenskapar

Interesse for unge menneske og deira faglege og personlege utvikling
Gode evner til å formidle kunnskap og organisere elevøvingar
Strukturert i planlegging, gjennomføring og refleksjon
God kommunikasjonsevne og sterk samarbeidsvilje
Interesse for å dele kunnskap med kollegaer
Utviklingsorientert innafor eige fagområde

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande regulativ
Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar
Gode pensjons- og forsikringsvilkår
6 månaders prøvetid

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jfr Opplæringslova §10-9.
Interesserte er velkomne til å ta kontakt med rektor Geir Kjetil Øvstetun tlf 90694334


Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via link på www.vlfk.no under Ledige stillingar.
Vitnemål, attestar og referansar skal leggast fram ved eventuelt intervju.
Det blir teke atterhald om at overtalige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling

Søknadsfrist: 26.mai 2021

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Skulevegen 24, 5745 Aurland
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Nøkkelord

Faglærar,, økologisk, landbruk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Geir Kjetil Øvstetun
Stillingstittel
rektor                        
Telefon
90 69 43 34
Følg firma
1075 følger dette firmaet

Skulevegen 24, 5745 Aurland

Annonseinformasjon

FINN-kode 218407591
Sist endret 12. mai 2021 17:06

Rapporter annonse