Utløpt

Statsmeteorologar

Arbeidsgiver
Meteorologisk institutt
Stillingstittel
Statsmeteorolog
Frist
02.06.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med METEOROLOGISK INSTITUTT
Om stillingane

Bardufossregionen byr på eit mangfald av moglegheiter for friluftsliv året rundt. Moglegheiter for aktivitetar er nær sagt uendeleg, med høge fjell, mektige elver og villmarka i indre Troms i nærleiken. Det er samstundes kort veg til sjøen med fjordane i Troms og øya Senja, eit Noreg i miniatyr. Området er midt i blinken for deg som likar friluftsliv i storslagen natur.

Ørlandet kan by på flott natur og historie rett utanfor dørstokken. Der er gode moglegheiter for mange flotte natur- og kulturopplevingar, frå havet til strandkanten, inn i skogen og opp på fjella. I tillegg har ein eit godt og inkluderande nærmiljø. Ørland har et bredt opplevingstilbod  og Trondheim, med sine tilbod,  er også berre ein liten time unna.

Begge vêrtjenestekontora har eit godt arbeidsmiljø med statsmeteorologar og meteorologikonsulentar. Kontoret støttar Luftforsvaret, og då særskilt Noregs nye kampfly F-35.

Kontoret er på sjølve  flyplassen noko som gjer at vi kjem endå nærare dei menneska vi jobbar for, anten dei er i lufta eller på bakken, i fly eller i helikopter, på øving eller på et redningsoppdrag. Dette gjev oss moglegheit til å formidle vervarslingane, ikkje barre på telefon, men også andlet  til andlet. Vertenestekontora leverer tenester i tett samarbeid med varslingssentralane. MET personell deltek dessutan på øvingar og utplasserte oppdrag.

Vêrvarslinga for Nord-Noreg i Tromsø har ansvar for varsling av veret for Nord-Noreg og Svalbard, samt tilgrensande fiskebankar og havområder, og flyveret for de same områda. Vervarslinga i Nord-Noreg har spesialkompetanse på polarmeteorologi, og utarbeider eigne varsel for polare lågtrykk. I tillegg driv dei ei isteneste som mellom anna tegner iskart for Barentshavet alle kvardagar.


Arbeidsoppgåver

I den operative vêrvarslingstenesta ved Meteorologisk institutt er det ledige faste stillingar ved  flyvêrtenestekontora på Bardufoss og Ørland,  og  eit vikariat som statsmeteorolog ved Vêrvarslinga for Nord-Noreg (VNN). 

Den operative vêrvarslingstenesta er i endring. Vi søker personar som er villige til både å inngå i vêrvarslingsteneste i ulike turnusoppgåver og som ved behov kan gå ut av turnus og utføre faglege aktivitetar.

 Arbeidsområde:

  • operativ vêrvarslingsteneste innanfor sivil og militær flyværteneste, allmenvarsling og oppdragsvarsling.
  • briefing av flygere og andre brukere om meteorologiske forhold
  • delta i forsvarets operasjoner i inn- og utland etter avtale
  • delta aktivt med formidling i aktuelle medium  (SoMe, aviser, radio)
  • delta i prosjektarbeid internt og med instituttet sine samarbeidspartnarar
  • eventuelt delta i internasjonalt bistandsarbeid
  • andre fagleg relevante aktivitetar

Kvalifikasjonskrav
  • høgare utdanning, master eller tilsvarande, helst med spesialisering i meteorologi
  • god formuleringsevne, munnleg og skriftleg i norsk og engelsk
  • generelle kunnskapar om tradisjonelle og sosiale medium og evne til effektiv kommunikasjon på slike plattformar
  • generelle kunnskapar i bruk av moderne IT-hjelpemiddel
  • samarbeidsevne, vilje til teamarbeid
  • evne og vilje til omstilling, til å halde seg fagleg oppdatert og til å ta i bruk nye metodar/hjelpemiddel
  • evne og vilje til å medverke til profilering av Meteorologisk institutt gjennom utoverretta aktivitetar
  • tilleggserfaring med formidling eller IT utvikling vil bli vektlagt
  • erfaring frå relevant operativ stilling vil bli vektlagt
  • MET følger WMO sine krav til kvalifikasjonar for varsling slik det framgår av Basic Instruction Package for Meteorologists (BIP-M) og ynskjer søkarar som i størst mogleg grad oppfyller desse krava. Nødvendig opplæring vil bli gitt.
  • Fordel med førerkort klasse B

Vi tilbyr
  • løn som 1358 statsmeteorolog etter det offentlege regulativet i lønsramme 25, frå kr 458 900 til 618 600 per år avhengig av ansiennitet.  For spesielt kvalifiserte kan høgere løn vurderast.
  • kompensasjon for turnustjeneste i samsvar med gjeldande reglar
  • faglege utfordringar på eit område som er nyttig for samfunnet
  • høve til eigenutvikling
  • eit moderne teknologisk miljø
  • fleksible turnusordninger
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • 6 månader gjensidig prøvetid

           For Bardufoss gjeld også:

  • Det kan være aktuelt med et stadbunde tillegg opptil kr 50 000,-
  • instituttet vil kunne hjelpe til med å skaffe bustad
  • gratis treningsfasiliteter på arbeidsplassen

Tilleggsinformasjon

Det vert kravd tryggleiksklarering for hemmeleg nivå for tilsetting i stillingane. 
Les mer om sikkerhetsklareringen her (https://nsm.no/fagomrader/personellsikkerhet/sikkerhetsklarering/sporsmal-og-svar-om-klarering/).

I søknaden ber vi søkjarane opplyse om kva tjenestestader dei ønsker å arbeide ved, og særleg der dei ikkje ønsker å arbeide. Statsmeteorologar i etaten som ynskjer overføring må også gje fullstendige opplysningar om kva tjenestestader dei ynskjer. 

Vi legg vekt på mangfald og oppfordrar derfor alle kvalifiserte til å søkje jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. MET deltek i staten sin inkluderingsdugnad og har som mål å få fleire med hol i CV eller nedsatt funksjonsevne ut i arbeid. Opplysningar om holl i CV eller nedsatt funksjonsevne kan brukes til rapporteringsføremål. Les meir her (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).

Dersom ein søkjar ønsker å reservere seg frå ei offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bede om ikke å bli oppført på søkjarlista. Dersom ønska reservasjon ikke vil bli tatt til følge vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste utformes.

For fleire opplysningar om stillingane, kontakt avdelingsleiar Justyna Wodziczko (VNN), tlf. 913 74 517, avdelingsleiar Reidun Iren Holmøy (VpV) tlf., 411 072 15 eller vêrvarslingsdirektør Bård Fjukstad, tlf. 482 34 683.


Om arbeidsgiveren

Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære rmål. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringslivet, institusjonar og allmenta blir best mogleg i stand til å sikre liv og verdiar, planlegge framover og verne miljøet. 

Moderne meteorologi krev handtering og analyse av enorme datamengder, og byr på store og spennande faglege utfordringar. Heilt frå 1866 har norske meteorologar stått sentralt i utviklinga av faget, og vi er i dag eit leiande internasjonalt fagmiljø. 

Helt fra 1866 har norske meteorologer stått sentralt i utviklingen av faget, og vi er i dag et ledende internasjonalt fagmiljø.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
8
Sted
Værtjenestekontoret Bardufoss lufthavn, 9325 Bardufoss
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
IT
Stillingsfunksjon
Geologi/Fysikk/Kjemi
Følg firma
432 følger dette firmaet

Værtjenestekontoret Bardufoss lufthavn, 9325 Bardufoss

Annonseinformasjon

FINN-kode 218407584
Sist endret 20. mai 2021 11:56

Rapporter annonse