Utløpt

Ledig vikariat som barnehagelærar i Akasia Valen barnehage

Arbeidsgiver
Akasia Barnehage AS
Stillingstittel
Barnehagelærar
Frist
27.05.2021
Ansettelsesform
Vikariat

Akasia Valen barnehage har satsningsområde Glade Utebarn. Barna skal få ulike opplevingar i naturen, lage og ete mat ute, ha fokus på bærekraftig utvikling og sosialt samspel. Me gjer barna opplevingar der dei kan danne vennskap og tilhøyrsle. Målet vårt er at alle barn skal oppleva å vere ein del av eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø, fritt for mobbing og andre krenkingar.

Akasia Valen barnehage ligg nydeleg til med utsikt ut over sjøen. Me har stort uteområde og eigen gymsal. I barnehagen vår er me opptatt av å bruke nærområdet vårt med både skog og sjø.

Akasia Valen barnehage har ein ledig 100% mellombels stilling som barnehagelærar for perioden 12.08.21 - 12.08.22. Vil du vere med på laget vårt? 

Me tilbyr:
Akasia barnehage er opptatt av at kompetansen din utviklar seg kontinuerleg gjennom både jobb og fagleg påfyll. Me har felles fagdagar for Akasia barnehagane og interne fagsamlingar for våre tilsette.

Nyutdanna barnehagelærarar i faste stillingar blir ein del av vårt rettleiingsprogram som varar i over to år. Programmet omfattar både grupperettleiing og individuelle rettleiing. Akasia Barnehage er med i internasjonaliseringsprosjekt gjennom Erasmus+.

Me vil at du skal engasjere deg, og difor skal medarbeidarar hos oss ha påverking på eigen jobb og barnehagens utvikling. Me har høg trivsel i barnehagane våre, og me kan love ein meiningsfull jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve pedagogisk verksemd i samsvar med formål, gjeldande lovverk, planar og spesielle vedtak
  • Utarbeide planar og rapportar over pedagogisk innhald i samarbeid med det resten av personalet
  • Oppfølging av barn med spesielle behov
  • Sikre kvalitet i barnas kvardag, og følgje gjeldande planverk
  • Tilrettelegging for barns leik og utvikling, og for eigen og andre si læring

 

Kven er du?
• Du har gode kommunikasjonsevner og evne til å arbeide i team
• Du har høg fagleg medvit og evne til refleksjon om eigen og felles praksis
• Du har gode samarbeidsevner, serviceinnstilt og open
• Du set barnets beste i fokus og prioriterer barns leik, læring og medverking
• Du har pågangsmot og trivast i eit aktivt og travelt miljø
• Du er open og nytenkjande

Kvalifikasjonar
• Godkjend Bachelor / treårig barnehagelærarutdanning
• Erfaring frå arbeid i barnehage
• God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
• Gode ferdigheiter i bruk av digitale verktøy


Søknad og CV blir sendt elektronisk via vår rekrutteringsløsing. All data blir lagra på din CV-konto, og du kan enkelt logge inn og oppdatere informasjonen når du vil. Me ber deg sjekke din informasjon så nøye som mogleg for å gje eit riktig bilde av deg sjølv. Dataa blir behandla og lagra i tråd med personopplysningsloven.

Søknadsfrist: 27.05.21

Kvalifiserte kandidatar kan bli kalla inn til intervju fortløpande.

 

Sektor
Privat
Sted
Valevegen 36, 5451 Valen
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kari Bakken Teigen
Stillingstittel
Styrer
Telefon
53 48 80 60
91 17 26 54
Følg firma
71 følger dette firmaet

Valevegen 36, 5451 Valen

Annonseinformasjon

FINN-kode 218389996
Sist endret 9. jun. 2021 15:08

Rapporter annonse