Utløpt

Fotoarkivar

Arbeidsgiver
Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal IKS
Stillingstittel
Fotoarkivar
Frist
23.05.2021
Ansettelsesform
Fast

Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKA Møre og Romsdal) er eit interkommunalt selskap eigd av 27 kommunar samt Møre og Romsdal fylkeskommune. IKA Møre og Romsdal forvaltar papirbasert og digitalt arkiv for eigarane. Vi er ein kompetanseinstitusjon innan arkiv og dokumenthandtering. Dei fylkeskommunale tenestene Kulturnett, FylkesFOTOarkivet, Fylkessenter for digitalisering av kulturarven (SEDAK) og Privatarkivordninga er lagt til IKA Møre og Romsdal. Vi leverer også tenesta personvernombod til dei fleste av eigarane våre. Vi har i dag 18 fast tilsette. Selskapet har kontor i sentrum av Ålesund.

 
Vi søker ein sjølvstendig og kunnskapsrik person som skal ha ansvar for Møre og Romsdal sitt fotografiske minne. Vedkomande skal arbeide med fotoarkiv etter profesjonelle fotografar samt fotosamlingar frå private og frivillige organisasjonar https://fylkesfotoarkivet.mrfylke.no

Du får jobbe med

  • å samle inn og bevare fotografi frå heile fylket
  • formidling og forvaltning av foto frå arkivet gjennom fotodatabasen
  • fotografar, museum, bibliotek, kommunar og frivillig sektor
  • utvikling av kunnskap og kompetanse om fotohistoria i Møre og Romsdal
  • fagleg samarbeid nasjonalt gjennom Fotonettverket
  • å søke finansiell støtte til prosjekt
  • digitalisering av foto
  • bildebehandling og organisering av fotoarkiv på høgt nivå
  • ekspedere tingingar av foto til ulik bruk

Til denne jobben søker vi deg som har

  • utdanning innanfor relevante fag med fotokompetanse eller relevante fag med formell fotografutdanning på bachelor-/høgskulenivå eller fagbrev
  • praktisk erfaring med fotobevaringsarbeid i arkiv, bibliotek eller museum
  • god kompetanse innan digitalisering, digital bildebehandling og forvaltning av data
  • interesse for teknologiutvikling, digitale arbeidsprosessar, logistikk og produksjon
  • god skriftleg og munnleg formidlingsevne

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Jobbe nøyaktig og systematisk
  • Serviceinnstilt med gode samarbeidsevner
  • Evne til å planlegge og gjennomføre
  • Vere imøtekommande, fleksibel og ansvarsbevisst
  • Evne og vilje til å skape godt arbeidsmiljø
 

Hos oss får du

  • ei utfordrande stilling i eit positivt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterkt tverrfagleg fagmiljø
  • god tilgang til nasjonale faglege nettverk og utvikling
  • pensjonsordning i KLP
  • løn etter avtale
  • tilsetting i samsvar med gjeldande lover, avtalar og reglement

Om arbeidsplassen
IKAMR jobbar for ein organisasjonskultur som fremmar samhandling, kompetansebygging og læring på tvers av fag. Dei fire fylkeskommunale tenestene jobbar tett saman.
Arbeidstad er Kirkegata 10b og fotomagasin på Sunnmøre museum. Stillinga vil medføre reiseverksemd og søkaren må ha førarkort. Stillinga har 6 månader prøvetid.

Sektor
Offentlig
Sted
Kirkegata 10B, 6004 Ålesund
Bransje
Annet,
Arkiv og bibliotek
Stillingsfunksjon
Annet,
Arkivar og bibliotekar,
Foto, lyd og lys

Nøkkelord

fotoarkivar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Aakvik
Stillingstittel
nestleiar
Telefon
91 62 50 91
Følg firma
175 følger dette firmaet

Kirkegata 10B, 6004 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 218258270
Sist endret 11. mai 2021 10:26

Rapporter annonse