Er du ein av våre nye prosjektleiarar?
- Arbeidsgiver
- Statsforvalterens fellestjenester
- Stillingstittel
- Rådgiver/seniorrådgiver
- Frist
- 06.06.2021
- Ansettelsesform
- Fast
Statsforvaltarens fellestenester (STAF) leverer tenester til statsforvaltarane og andre offentlege fagmyndigheiter. Vi utviklar nye digitale løysingar som t.d. saksbehandlingssystem og andre nasjonale løysingar på vegne av statsforvaltarane og fagmyndigheiter. Våre utviklings- og digitaliseringsprosjekt er enten i form av samarbeidsprosjekt med statsforvaltarane og fagmyndigheiter for å forbetre embetas arbeidskvardag. Eller prosjekta startar som interne prosjekt i STAF for å forbetra våre eigne tenesteleveransar til embeta. Digitalisering er eit satsingsområde, og vi ønskjer å styrke digitaliseringsavdelinga vår med to nye prosjektleiarar.
Du får ansvar for å leie nye utviklings- og digitaliseringsprosjekt, og å følgje opp det eventuelle produktet i porteføljen vår. Du får jobbe tverrgåande mellom avdelingane i STAF, saman med tilsette i embeta og hjå fagmyndigheitene. Som kreativ prosjektleiar bidreg du aktivt i utviklingsarbeidet vårt med digitale tenester. Og du får følgje gode idear frå nettopp idear, til brukarvennlege løysingar som gjer kvardagen enklare og meir effektivt for brukarane. Vi er på jakt etter deg som er kreativ og har god gjennomføringskraft. I tillegg må du motiverast av, og ynskje å sjå resultat av, det du jobbar med. Du treng ikkje vere teknolog, men syns det er interessant å bidra til at teknologi blir teken i bruk på nye område. Du blir ein del av eit godt og innovativt arbeidsmiljø. Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi oppmodar også nyutdanna kandidatar til å søkje. Stillingane er 100 prosent, fast og arbeidsstaden er Leikanger, i Sogndal kommune.
STAF kombinerer spennande faglege utfordringar med fleksibel arbeidstid og gode tilhøve for friluftseventyr i kvardagen. Sogndal har by-kvalitetar som kafé- og kulturliv smelta saman med eit yrande friluftsliv. Vi har gode snøforhold, fantastiske tur- og sykkelstiar, spennande fritidstilbod og eit aktivt studentmiljø. Heile Sogn er ein attraktiv og barnevenleg stad å bu.
Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre bredde i oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Vi meiner at inkludering og mangfold er ein styrke, og oppfordrar difor søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom de har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Arbeidsoppgåver
- Prosjekt- og porteføljestyring
- Prosjektleiing
- Arbeid med kravanalyse og gevinstrealisering
- Implementering og test av digitale løysingar
- Rådgjeving og analysearbeid
- Andre oppgåver i avdelinga kan påreknast
Noko reiseaktivitet må påreknas.
Kvalifikasjonar
Du må ha
- Som rådgjevar har du relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet minimum 3 år, men relevant og dokumentert realkompetanse kan kompensere for høgare utdanning. For å bli vurdert som seniorrådgjevar er kravet relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet minimum tre år med relevant etterutdanning/fagleg oppdatering.
- Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT (http://www.nokut.no).
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne, både på nynorsk og bokmål
- Erfaring som leiar eller deltakar i prosjektarbeid
Vi ynskjer at du har
- Erfaring med effektivisering og smidige arbeidsmetodikkar, for eksempel Prince 2 Agile
- Kompetanse innan risiko- og sårbarheits analyse
- Kunnskap og erfaring om offentleg forvalting
- God teknologisk forståing
- God organisasjonsforståing
Personlege eigenskapar som blir vektlagt
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
- Du har god arbeidskapasiet og gjennomføringsevne
- Du er engasjert, nytenkande og løysingsorientert
Vi tilbyr
- fagleg og personleg utvikling
- godt arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidstid og sommartid
- gode pensjons- og bustadlåneordningar
- trening i arbeidstida
Fast stilling som 1434 rådgiver/ 1364 seniorrådgjevar. Stillinga er normalt lønna med mellom ltr. 57 (kr. 507 400) og ltr. 75( kr. 708 000) avhengig av kvalifikasjonar. Frå lønna blir det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse. Det er 6 månaders prøvetid.
Generelle opplysningar
Namn på søkjarane blir offentleggjort i ei offentleg søkjarliste. Fram til søknadsfristen kan du ta kontakt med oss utan at namnet ditt blir registrert. Søkjaren vert varsla dersom reservasjonen ikkje vert imøtekomen, jf. offentleglova § 25.
For nærmare opplysningar om stillinga, ta gjerne kontakt med seksjonssjef Cecilie Njøs Høgheim på tlf. 952 65 172.
Om arbeidsgiveren
Statsforvalterens fellestjenester (STAF) er ei nyetablert verksemd underlagt Kommunal- og administrasjonsdepartementet. STAF leverer og utviklar administrative tenester til alle statsforvaltarane innanfor IKT, dokumentforvalting, innkjøp og informasjonstryggleik.
Hovudkontoret vårt ligg i Arendal, medan medarbeidarane våre elles har kontor saman med fylkesmennene, som til saman har 18 kontorstader. STAF har om lag 220 årsverk.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Leikanger, 6863 Leikanger
- Bransje
- Arbeidstaker- og arbeidsgiverorganisasjoner,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Prosjektledelse