Utløpt

Rådgivar i seksjon for arkiv, bibliotek og museum

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgivar bibliotek
Frist
25.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Har du eit digitalt hovud som brenn for bibliotekutvikling?

Vi søker etter ein dyktig og engasjert rådgivar med høg digital kompetanse i 100% fast stilling som vil vere med på å ta biblioteka inn i framtida.


Du får jobbe med

Møre og Romsdal fylkeskommune har spennande moglegheiter for deg som vil jobbe med bibliotekutvikling på digitale flater. I kulturavdelinga har seksjon for arkiv, bibliotek og museum (ABM) det fylkeskommunale ansvaret for regionale bibliotekoppgåver og bibliotekutvikling. Vi ser etter deg med solid kunnskap om digitale tenestetilbod i bibliotek og som ønsker å ha eit særleg ansvar for digitale innhaldstenester til folkebiblioteka i Møre og Romsdal.

Oppgåver til stillinga:

  • Fagansvar for digital bibliotekutvikling
  • Tilrettelegging og formidling av digitale innhaldstenester på bibliotekfeltet
  • Rådgiving og rettleiing om drift og utvikling av bibliotek
  • Prosjektleiing og prosjektarbeid
  • Utviklingsprosjekt knytt til digitale tenester i ABM-seksjonen som fremmer samhandling mellom fagområda


Til denne jobben søker vi deg som har

  • Bachelor eller høgare utdanning innan bibliotek og informasjonsvitskap eller innan eit anna relevant fagområde
  • Erfaring frå biblioteksektoren er ønskeleg, men ikkje eit krav
  • God digital kompetanse og erfaring med digitale tenestetilbod
  • God forståing for og innsikt i digitale arbeidsprosessar
  • Interesse for nyskaping, innovasjon og teknologiutvikling
  • Heilskapleg perspektiv på biblioteka sitt samfunnsoppdrag
  • Erfaring med prosessleiing og prosjektarbeid
  • God gjennomføringsevne og evne til strategisk tenking
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men òg i team
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
  • Førarkort kl. B


Hos oss får du

  • ei utfordrande rådgivarstilling i eit positivt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • ei moglegheit til å løfte Møre og Romsdal fylkeskommune si samla kompetanse på feltet, og styrke rolla vår ut mot biblioteka i fylket
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • flyttegodtgjersle
  • løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i samsvar med gjeldande lover, avtalar og reglement.


Om arbeidsplassen

Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider for ein organisasjonskultur som fremmar samhandling, kompetansebygging og læring på tvers av fag og sektorar. Kulturavdelinga er tilretteleggjar, pådrivar og koordinator for aktivitet og satsingar innan kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal. Avdelinga jobbar mellom anna med kulturminneforvaltning, kunst- og kulturformidling, bibliotektenester, folkehelse og fysisk aktivitet, i tillegg til rammevilkår for frivillig sektor og kulturelle og kreative næringar. Avdelinga har 43,5 årsverk og eit bruttobudsjett på 300 millionar kroner. Kulturområdet har arbeidslokalar både i Ålesund, Molde og Kristiansund og ABM-seksjonen held til i Ålesund. Noko reising må påreknast. Fylket byr på eit mangfaldig kulturliv med nærleik til naturen og ulike urbane tilbod.


Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.Vi er ein lærande organisasjon kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Kirkegata 10b, 6004 Ålesund
Bransje
Arkiv og bibliotek,
Konsulent og rådgivning,
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Arkivar og bibliotekar,
Prosjektledelse,
Rådgivning

Nøkkelord

bibliotek, informasjonsvitenskap, digitale bibliotek, bibliotekutvikling, arkiv

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Inger Lise Aarseth
Stillingstittel
kst. seksjonsleiar
Telefon
71 28 05 04
Mobil
97 11 39 62
Følg firma
311 følger dette firmaet

Kirkegata 10b, 6004 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 217765870
Sist endret 18. jun. 2021 14:28

Rapporter annonse