Utløpt

Rekneskapsrådgjevar

Arbeidsgiver
Fjord1 ASA
Stillingstittel
Rekneskapsrådgjevar
Frist
30.05.2021
Ansettelsesform
Fast

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet og Fjord1 dei sista åra teke ein leiande posisjon innan vår bransje. Vi i Fjord1 er teknologioptimistar, og skal vere best i bransjen på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport.



Ein av våre dyktige kollegaer skal snart ta fatt på nye utfordringar, og vi er derfor på jakt etter ein ny Rekneskapsrådgjevar.

Stillinga ligg organisert under vår økonomiavdeling som tel om lag 20 flotte medarbeidarar. Vi ser etter deg som vil vere med å styrke og vidareutvikle vårt rekneskapsteam, samt bidra til eit godt og innkluderande arbeidsmiljø.

Du er ein person som evner å heve blikket, sjå samanhengar og det store bildet. Du trivast med å arbeide med utvikling og forbetringsprosessar. Du har evnen til å kommunisere godt med dine kollegaer på alle nivå i organsisasjonen, være ein rådgjevar og sparringspartner, forstå problemstillingar og formidle løysingar.

Arbeidsoppgåver

  • Utarbeiding av konsernreknskap
  • Prosessforbetring, utvikling og implementering av nye rutinar
  • Avstemming og avsluttning av reknskap
  • Kvalitetsikring og intern rapportering
  • Støtte for rekneskapsleiar

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning, gjerne innan rekneskap, men også andre fagelt kan vere aktuelle
  • God forståing av system og dataflyt
  • Det er ein fordel med relevant arbeidserfaring
  • Gode norskkunnskaper muntleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og målbevisst
  • God på samhandling og kommunikasjon
  • Analytiske evner
  • Pedagogiske evner
  • Sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Ei interessant og sjølvstendig stilling i Norges leiande fergeselskap
  • Moglegheit for å lære, vekse og utvikle seg
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige betingelsar
  • Gode velferdsordningar

Om arbeidsgiveren

Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.



Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.



Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.



Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Sektor
Privat
Sted
Strandavegen 15, 6900 Florø
Bransje
Transport og logistikk
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Regnskap

Nøkkelord

Regnskap,, økonomi,, Bærekraft,

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ane Eliassen
Stillingstittel
Økonomileiar
Telefon
95 94 76 47
Kontaktperson
Håvard Grotle
Stillingstittel
Rekneskapsleiar
Telefon
95 26 10 05
Følg firma
224 følger dette firmaet

Strandavegen 15, 6900 Florø

Annonseinformasjon

FINN-kode 217758919
Sist endret 7. mai 2021 12:39

Rapporter annonse