Utløpt

Sjukepleiar 100% fast stilling, Heimetenesta sone Straume

Arbeidsgiver
Øygarden kommune -
Stillingstittel
Sjukepleiar 100% fast stilling, Heimetenesta sone Straume
Frist
28.05.2021
Ansettelsesform
Fast

Arbeidsoppgåver:

Du må trivast saman med menneske og ynskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov og krev til tider høg sjukepleiekompetanse.

  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
  • Samhandling med pårørande
  • Ivareta brukars individuelle behov
  • Dokumentering i fagjournal
  • Sjukepleie i henhald til vedtak

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Førarkort

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid med eldre
  • Erfaring fra heimetenesta

Personlege egenskaper:

  • Du er engasjert og positiv
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Er ein god teamarbeider
  • Kan jobba sjølvstendig og er løysningsorientert
  • Du er open for nye utfordringar
  • Evner å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
  • Bidra til et godt arbeidsmiljø ved å framme det positive

Anna:

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i turnus er løna kr 25 000 per år over tariff i Øygarden kommune.

Vi tilbyr:

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Kollegaer som trives på jobb
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Høve til å auke stilling med timebank
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Administrasjonsspråket er nynorsk. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor
Offentlig
Sted
Skjenet, 5354 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Sykepleier,
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Brit Larsson
Telefon
55 09 71 82
Følg firma
323 følger dette firmaet

Skjenet, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 217758749
Sist endret 7. mai 2021 12:38

Rapporter annonse