Utløpt

Eldreombodet søkjer rådgjevar innan helse og omsorg<br/> - vikariat som kan bli forlenga

Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsdepartementet
Stillingstittel
Ra?dgiver med fagansvar for Helse og omsorg i Eldreombodet
Frist
20.05.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med HELSE- OG OMSORGSDEPARTEMENTET
Om stillinga

Vi har no ledig et 100% vikariat som rådgjevar innan helse og omsorg i Eldreombodet. 

Søknadsfrist: 20. mai 2021.

Stillinga er ledig fra juni/juli.

Fram til 15. februar 2022. Som kan bli forlenga etter at vikariatet går ut.

 


Arbeidsområde for stillinga

I stillinga som rådgjevar skal du samarbeide med eldreombodet og fagansvarlege rådgjevarar om å fremje saker som skal betre vilkåra for eldre. Stillinga har hovudfokus på behov og utfordringar eldre har innan helse og omsorg, men du må ha eit breitt perspektiv og kunne arbeide med fleire fagfelt. 

Stillinga femner eit stort område. Du må derfor ha kunnskap om helse- og omsorgstenestene på systemnivå og kunne setje deg inn i situasjonen til enkeltpersonar som kontaktar Eldreombodet og bed om rettleiing. Du skal vere med på å utvikle hovudoppgåvene for stillinga, den strategiske planen for Eldreombodet, og Eldreombodet som nasjonal verksemd. Arbeidsforma vil i all hovudsak vere basert på digital kommunikasjon, det må likevel reknast med noko reising i arbeidskvardagen.


Kvalifikasjonar og eigenskapar

Krav til kvalifikasjonar


?    Høgskule-/universitetsutdanning på minst bachelornivå innan helse- og omsorgsfag eller samfunnsfag.
?    Arbeidsrøynsle frå helse- og omsorgssektoren. Gjerne kompetanse frå geriatri-/gerontologifeltet.
?    Kjennskap til organiseringa av helse- og omsorgssektoren, kommunalt og i spesialisthelsetenesta.
?    Nettverk frå fleire typar verksemder innan helse og omsorg er ein fordel.
?    Røynsle med statistikk og analysar.
?    Interesse for og kunnskap om relevant lovverk, m.a. helselovverk, forsvarlegkrav og nasjonale faglege retningsliner.
?    Interesse for sosial- og helsepolitikk.
?    Røynsle frå utviklingsarbeid og prosjektarbeid.
?    Røynd brukar av Office-pakken.
?    God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
?    Kjennskap til offentleg forvalting og politiske avgjerdsprosessar.
?    Røynsle frå organisasjonsarbeid.
 

 

Skal du lykkast i stillinga, må du

  • ha gode evner til å gjere helse- og omsorgsfaglege vurderingar.
  • evne å raskt setje deg inn i nye problemstillingar og tenkje heilskapleg.
  • kunne fremje saker og påverke interessene til eldre.
  • kunne skrive høyringssvar og brev til avgjerdstakarar.
  • kunne jobbe sjølvstendig, men òg ha gode samarbeidsevner med kollegaer frå andre fagmiljø.
  • kunne rettleie enkeltpersonar som tek kontakt.
  • vere nøyen og strukturert.
  • vere fleksibel og omgjengeleg.
  • ta initiativ, vere nysgjerrig, kreativ og nytenkjande.
  • vere tillitvekkjande.

 

Vi legg vekt på at den vi tilset, høver som person til stillinga. Vi bed om at du i søknaden gjer greie for resultat i tidlegare arbeidstilhøve og motivasjonen din for å søkje denne stillinga.


Vi tilbyr
  • Vikariat fram til 15. februar 2022. Som kan bli forlenga etter at vikariatet går ut.
  • Tiltreding i juni/juli.  
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit veksande tverrfagleg miljø.
  • Eldreombodet er framleis under oppbygging, og den som blir tilsett, får vere med på å utforme sin eigen arbeidskvardag.
  • Gode høve til fagleg og personleg utvikling - og eit unikt høve til å vere med på å forme verksemda til Eldreombodet.

 

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:

  • kr 540 000 - 660 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse. To prosent innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, som òg tilbyr gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.

Mangfold og inkludering

Den statlege arbeidsstyrken skal så langt råd er spegle mangfaldet i folket. Kvalifiserte kandidatar blir oppmoda til å søkje same kva alder, kjønn, seksuell legning, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, arbeids- og livsrøynsle dei har. Eldreombodet arbeider målretta med å realisere inkluderingsmåla regjeringa har. I dette ligg det m.a. at vi vil sørgje for tilrettelegging på arbeidsplassen om det trengst. Informasjon om søkjarar som oppgjev at de har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli nytta til statistikkformål.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.


Vil du vite meir? 

Meir informasjon om stillinga får du av:

Eldreombod Bente Lund Jacobsen 

Telefon: 971 08 288


Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.

 

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.  

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.    

Etter at søknadsfristen er ute, lagar vi ei offentleg og ei utvida søkjarliste.

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.  

I så fall blir søkjaren varsla før offentleggjering.


Om arbeidsgiveren

Regjeringa oppretta det nasjonale Eldreombodet i 2020. Eldreombodet er eit uavhengig og sjølvstendig statsorgan. Bente Lund Jacobsen vart utnemnd til eldreombod frå 1. juli 2020, og staben har vore under oppbygging sidan hausten 2020. Eldreombodet skal vere med og fremje interessene til eldre på alle samfunnsområde. Eldreombodet skal òg følgje med på korleis utviklinga i samfunnet påverkar eldre. Slik har Eldreombodet både ei pådrivarrolle og ei oppsynsrolle. 

Eldreombodet vender seg til avgjerdstakarar i offentleg og privat sektor, til fagmiljø, frivillige organisasjonar og eldre sjølv. Kommunikasjon med eldre i ulike miljø er særs viktig for Eldreombodet og noko alle medarbeidarar skal vere med på. 
 

Eldreombodet har kontor i Ålesund i lag med Senteret for eit aldersvenleg Noreg. Miljøet vil etter kvart få rundt 15 medarbeidarar med forskjellig fagleg bakgrunn. 

www.eldreombudet.no

 

Sektor
Offentlig
Sted
Ystenesgata 6, 6003 Ålesund
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning
Følg firma
1065 følger dette firmaet

Ystenesgata 6, 6003 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 217755100
Sist endret 11. mai 2021 13:12

Rapporter annonse