Utløpt

Vil du vera vår nye kollega?

Arbeidsgiver
Osterøy kommune Heimetenesta
Stillingstittel
Faste heiltidsstillingar som sjukepleiar i Heimetenesta
Frist
31.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Osterøy kommune ønskjer fleire dyktige sjukepleiarar i heimesjukepleien og håper du vil verte vår nye kollega. 

Stillingane er 100 % faste og går i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Me tilbyr og eit rekrutteringstillegg for nytilsette sjukepleiarar.

Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til nødvendig helsehjelp i henhald til helse- og omsorgstenestelova. Vi har eit bredt fagfelt der du får nytta heile din sjukepleiarkompetanse og det er moglegheitar for viderutvikling. Heimetenesta er i stadig utvikling, og er i gong med fleire spanande prosjekt som velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og er i planleggingsfasa til omsorg+. I heimetenesta har vi tverrfaglege fora innanfor ulike fagfelt.

Hauge omsorgsbustad er ein del av heimetenesta og har tett samarbeid med heimesjukepleien. Hauge omsorgsbustad inneheldt 16 husvære. Dei som bur her vert rekna som heimebuande og følgjer same retningsliner som andre heimebuande. Sjukepleiaren har eit overordna ansvar på si vakt. Det inneber faglege vurderingar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og bebuarar. Hauge omsorgsbustad har heildøgns bemanning med eigne nattevaktar. 

Osterøy er Norges største innlandsøy med rett over 8000 innbyggjarar. Øya ligg nordaust for Bergen og har fastlandsforbinding via bru eller ferje. Det tek ca. 20 minutt frå Arna og 40 minutt frå Bergen med bil.

Øya har nydeleg natur frå fjord til fjell.

Arbeidsoppgåver:

Omsorg til menneske i deira eigen heim

Bidra til å styrke bebuarane sine eigne ressusar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)

Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.

Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere bebuars heilskaplege tilstand

Samarbeid med pårørande

Samarbeid med kollegaer, fastlege, ergo/fysio, sjukeheim, spesialisthelsetenesta m.m.

Faste møter med fleire samarbeidspartar

 

Kompetanse:

Krav om norsk autorisasjon som sjukepleiar

Ønkjeleg med vidareutdanning i e-helse.

Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (vi nyttar CosDoc som dokumentasjonsprogram)

Krav om gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg, med krav om bestått norskprøve B2 for framandspråklege søkjarar

Krav om førarkort på personbil

 

Personlege eigenskapar:

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Lojal mot arbeidsstaden og overhalder fatta vedtak

Fokus på fagutvikling og refleksjon

Fleksibel og endringsvilleg

Viser omsorg for andre

Vera eit godt forbilde for medarbeidarar, bebuarar og pårørande

Punktleg og stukturert

Godt humør

Å vere personleg egna til jobben vert vektlagt

 

Vi kan tilby deg:

Rekrutteringstillegg kr. 30 000 over tariffløn

God opplæring

Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling

Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver

Ei av Noregs finaste øyer som arbeidsstad

 

Anna informasjon:

Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Førerkort klasse B er påkrevd

Kommunen har 6 mnd prøvetid ved ansetting

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Nøkkelord

sjukepleiar, sykepleier, hjemmesykepleie, heiltid, rekrutteringstillegg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne Berit Skjelfjord Jørgensen
Telefon
56 19 26 13
Kontaktperson
Anne Lise Teigland
Telefon
56 19 27 67
Kontaktperson
Linda Tepstad
Telefon
56 19 27 81
Følg firma
173 følger dette firmaet

Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 217745628
Sist endret 7. mai 2021 10:38

Rapporter annonse