Utløpt

Er du engasjert i kvardagsrehabilitering?

Arbeidsgiver
Osterøy kommune Heimetenesta
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar rehabilitering
Frist
31.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Heimetenesta er i endring. Me søker sjukepleiar med vidareutdanning i rehabilitering i fast 100 % stilling, der 20% av stillinga er avsett som funksjonsressurs. Stillinga er todelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Funksjonsressursen skal medverke til kompetanseheving og betre samhandling på alle nivå i helsetenesta, for å sikre at brukar med behov for kvardagsrehabilitering oppnår best mogleg funksjons- og meistringsevne, sjølvstende og deltaking i samfunnet.

Ressursen er også en del av kommunen si nyoppstarta tverrfaglege prosjektgruppe i rehabilitering. Prosjektgruppa har ansvar for å utarbeide kriterier og rutinar for rehabiliteringstilbod opp mot heimebuande brukarar. Har du eit brennande engasjement for rehabilitering har du no moglegheit til å bygge opp ei teneste frå botn saman med engasjerte medarbeidarar.

Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldrar som har rett til nødvendig helsehjelp jamfør helse- og omsorgstenestelova. Me har eit bredt fagfelt der du får nytta heile din sjukepleiarkompetanse og det er moglegheiter for vidareutvikling. Heimetenesta er i stadig utvikling, og er i gong med fleire spanande prosjekt innan velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og palliasjon. Me er og i planleggingsfasen til Omsorg+. I heimetenesta har vi tverrfaglege fora innanfor fleire fagfelt.  

Arbeidsoppgåver:

Omsorg til menneske i deira eigen heim

Bidra til å sikre forsvarleg pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver utførast i tråd med kvalitetskrav og lovverk

Styrke bebuarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse

Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.

Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere brukar sin heilskaplege tilstand

Rettleie medarbeidarar og studentar

Samarbeid med kollegaer, fastlege, ergo/fysioterapi, sjukeheim, spesialisthelsetenesta, pårørande m.m.

Kompetanse:

Krav om norsk autorisasjon som sjukepleiar

Ønskeleg med vidareutdanning innan rehabilitering eller erfaring frå området. Dersom du ikkje har viderutdanning må du vere villig til å ta dette.

Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (me nyttar Dips CosDoc som dokumentasjonsprogram)

Krav om gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, med krav om bestått norskprøve B2 for framandspråklege søkjarar

 

Personlege eigenskapar:

 

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Lojal mot arbeidsstaden sine vedtekne mål og overheldt fatta vedtak

Fokus på fagutvikling og refleksjon

Evne til planlegging og gjennomføring og tar ting på eige initiativ

Er ein god lagspelar med fokus på oppnå resultat ved å gjere kvarandre gode

Fleksibel og endringsvillig

Punktleg og strukturert

Godt humør

Å vere personleg egna til jobben vert vektlagt

 

Vi kan tilby deg:

Rekrutteringstillegg kr 30 000 over tariffløn

God opplæring

Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling

Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver

Ei avdeling som heldt til i eit nytt og triveleg bygg med ny bilpark

Ei av Noregs finaste øyer som arbeidsstad

 

Anna informasjon:

Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Førerkort klasse B er påkrevd

Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetting

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna

Sektor
Offentlig
Sted
Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Sykepleier,
Sykepleier

Nøkkelord

sjukepleiar, sykepleier, spesialsykepleier, rehabilitering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne Berit Skjelfjord Jørgensen
Telefon
56 19 26 13
Kontaktperson
Linda Tepstad
Telefon
56 19 27 81
Følg firma
173 følger dette firmaet

Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 217743563
Sist endret 7. mai 2021 10:19

Rapporter annonse