Utløpt

Prosessoperatørar

Arbeidsgiver
Hydro Aluminium AS
Stillingstittel
Prosessoperatørar
Frist
24.05.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Hydro

Hydro Aluminium Metal er ein leiande leverandør av pressbolt, valseblokker, støypelegeringar, tråd og høgreint aluminium, og har eit globalt produksjonsnettverk med rundt 5000 tilsette. Me har anlegg for produksjon av primærmetall i Europa, Canada, Australia, Brasil og Qatar, og gjenvinningsanlegg i Europa og USA. To tredelar av vår produksjon av primæraluminium er basert på fornybar energi.

Sidan 1905 har Hydro utvikla naturressursar til verdifulle produkt for menneske og verksamheiter, med fokus på trygge og gode arbeidsplassar for våre 34 000 tilsette på over 140 stader i verda. Hydro skal vera leiande i arbeidet med å utforma ei berekraftig framtid, og ynskjer å skapa meir livskraftige samfunn gjennom nyskapande og effektiv utvikling av naturressursar til løysingar og produkt som betyr noko.

Husnes ligg i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med gode oppvekstvilkår for barn og ungdom. Området kan by på ein idyllisk skjergard, høge fjell og isbrear, og det er moglegheiter for varierte fritidsaktivitetar på både sommar- og vinterstid. Hydro Husnes produserer aluminium i ein elektrolyseprosess. Flytande aluminium frå elektrolysen blir så støypt ut som pressbolt, og sendt til kundar for ekstrudering.

Hydro Husnes er i vekst, og treng å auke sin faste bemanning på skift. Det vil også bli ledig midlertidige stillingar på skift. Dei ledige posisjonane vil være i Støyperi, Anodemontasje, Elektrolyse og Kai/Logistikk.

Arbeidsoppgåvene til ein prosessoperatør blir utført i produksjonslokala, og vil vera allsidige og varierte. Dette inneber daglege driftsoppgåver og prosessovervaking. Mange av oppgåvene blir utført med køyretøy eller kran. Prosessoperatøren skal bidra til mest mogleg sikker og effektiv produksjon av aluminium og aluminiumsprodukt.
  
Kvalifikasjonar

  • Relevant fagbrev er ynskjeleg
  • Erfaring frå prosessindustri eller tilsvarande
  • Førarkort klasse B
  • Truck- og kransertifikat er ynskjeleg
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
     

Vi søkjer deg som er oppteken av sikkerheit og kan visa til god HMS åtferd. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
 
Tilleggsinformasjon
Over tid vil bedriften legga til rette for opplæring mot fagbrev og ulike sertifikat.

Ver venleg og legg ved alle relevante vitnemål, karakterutskrifter og sertifikat med søknaden. Me aksepterer berre elektroniske søknader. Søknadsbrev og CV mottakast ikkje på e-post.

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er integrert i Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å beskytta våre tilsette si helse og sikkerheit, og bidra til ei berekraftig utvikling i dei miljøa der me opererer. Me søker difor tilsette som vil bidra positivt til dette, gjennom sunne og bevisste HMS-haldningar og -handlingar.

Søknadsfrist: 24.05.2021

Viss du har spørsmål kan du kontakta:

Leiar:
Svein Martin Kaldestad
Mobil: (Norway +47) 97040281

Rekrutterar:
Bodil Madslien
Mobil: (Norway +47) 41617458

Om arbeidsgiveren

Vil du være med på å forme en bærekraftig fremtid? 

Med sine 34 000 ansatte verden over og sin tilstedeværelse i en rekke markeder for aluminium, energi, metallgjenvinning, batterier og fornybar energi besitter Hydro unik innsikt, kunnskap og kompetanse. 

Vi har en stolt historie og ønsker å være ledende i arbeidet med å skape en bærekraftig fremtid ved å utvikle naturressurser til innovative produkter og løsninger. Og det er alle våre dyktige medarbeidere som er vår viktigste suksessfaktor.  

 

Sektor
Privat
Antall stillinger
6
Sted
5460 Husnes
Bransje
Metaller og mineraler
Stillingsfunksjon
Mekanikk og installasjon,
Produksjon / Produksjonsteknikk/Prosessteknikk,
Teknisk personell

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Svein Martin Kaldestad
Telefon
97 04 02 81
Følg firma
2740 følger dette firmaet

5460 Husnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 217554415
Sist endret 24. mai 2021 22:37

Rapporter annonse