Utløpt

Er du vår nye teamleiar?

Arbeidsgiver
Voss DPS NKS Bjørkeli
Stillingstittel
Teamleiar ved rehabiliteringspoliklinikken
Frist
31.05.2021
Ansettelsesform
Fast

Vi gjev eit tverrfagleg behandlingstilbod til personar over 18 år med psykiske lidingar som medfører alvorleg funksjonssvikt og/eller samansette behov.

I rehabiliteringspoliklinikken har vi stillingar for psykiatar, psykolog, psykiatrisk vernepleiar/sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og sosionom, alle med vidareutdanning innan psykiatri.

Vi gjev individuelt tilpassa behandling gjennom samtalar, medikamentell oppfylging, psykoterapi, fysioterapi, kartlegging og avklaring av hjelpebehov. Vi tilbyr også hjelp til å søkja tenester, samt etablering av samarbeidsgrupper og individuell plan. Vi har fokus på fungering og meistring i kvardagen, og kan gje oppfylging/støtte i høve til ulike livsområde som heimesituasjon, arbeid og utdanning. Vi har tett samarbeid med kommunane, NAV, og andre som har med pasienten å gjere. Vi legg vekt på eit godt samarbeid med pårørande i dei tilfelle der partane ønskjer dette, då pårørande er ein viktig ressurs for å yta god behandling.


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for behandling og oppfylging av pasienter i poliklinikk, i henhald til lovverk og prosedyrer.
  • Journalføring og dokumentansvar i henhald til gjeldande lover.
  • Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt, med sjukehus og kommune.
  • Bidra til eit godt samarbeid på tvers av einingane.
  • Bidra til fagleg utvikling i seksjonen.
  • Halde oversikt over kapasitet, og delta i inntak og koordinering av pasientsaker i teamet.
  • Samarbeid med avdelingsleiar, spesielt med fokus på aktivitet, ressursar og driftsrelaterte saker.
  • Ymse delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.
  • Representant for avdelingsleiar i avdelingsleiars fråvær, i eigen seksjon

 

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og/eller rusarbeid.
  • Klinisk relevant erfaring innafor fagfeltet.
  • Kognitiv utdanning er ein fordel.
  • Ha erfaring frå sjølvstendig arbeid med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar.
  • Svært gode norskkunnskap –munnleg og skriftleg.

 

 

Personlege eigenskapar

  • Evne og erfaring med å arbeide i tverrfagleg team.
  • Motivasjon og interesse for fagfeltet.
  • Positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø.
  • Personlege kvalifikasjonar og eignaheit vil bli lagt vekt på.

 

 

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale.
  • Eit godt arbeidsmiljø, og høgt fagleg nivå.
  • Moglegheit for deltaking på kompetansehevande kurs, seminar og vidareutdanning.


Tiltreding: 1.september 2021 eller etter avtale

 

Om arbeidsgiveren

Voss DPS har driftsavtale ("sjukehusavtale") med Helse Vest RHF og er eigd av N.K.S. Vestland-Sør. Vi er distriktspsykiatrisk senter med befolkningsansvar innan psykisk helsevern vaksne for Voss lokalsjukehusområde, dvs. kommunane Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord.

Voss DPS består av ei døgnavdeling og ei poliklinikkavdeling med allmennpsykiatrisk seksjon og rehabiliteringspoliklinikk. Poliklinikken har dessutan eit godt utvikla gruppetilbod med fokus på traumer og personlegdomsforstyrringar. Vi har 75 ansatte. Vi er tverrfagleg samansett med psykiatarar, psykologspesialistar, legar og psykologar i spesialisering, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, fysioterapeutar, hjelpepleiarar, ergoterapeut, musikkterapeut, jobbspesialistar, aktivitetsleiar og sekretærar. Vi har tett samarbeid med Helse Bergen. Vi har dessutan eige kjøkken, reinhaldspersonell og vaktmeister.

Voss DPS ligg ein snøgg time frå Bergen (med tog), 10 minutters gange frå jernbanen i sentrum. Vi har eit fagmiljø i vekst, eit godt arbeidsmiljø og flotte lokaler.

Voss byr på vakre naturopplevelsar, eit spennande kulturtilbud og ca 15.000 gode naboer.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Bjørkelivegen 27, 5705 Voss
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Sykepleier / Psykiatri

Nøkkelord

ekstremsport, tverrfagleg, psykose

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Cathrine Stue Børhaug
Stillingstittel
Avdelingsleiar, poliklinikkane
Telefon
56 51 40 00
Følg firma
20 følger dette firmaet

Bjørkelivegen 27, 5705 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 217506431
Sist endret 16. jun. 2021 23:45

Rapporter annonse