Utløpt

Ledig stilling for psykolog i tverrfagleg behandlingsteam

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Psykolog/psykologspesialist
Frist
25.05.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Avdeling for rusmedisin består av fem døgnseksjonar, ein forskingseksjon, ein LAR seksjon, ein ambulant seksjon og to poliklinikkar. Den ledige stillinga er i seksjon Askøy som held til i flotte, moderne lokale på Ask kun ein halv times køyretid frå Bergen sentrum. Det er òg godt båt- og bussamband til Askøy. 

Den tverrfaglege bemanninga i seksjon Askøy består av russpesialist/overlege, LIS legar, psykologar, sosionom, sjukepleiar/vernepleiar, fysioterapeut, aktivitetskoordinator og sekretær. Avdeling for rusmedisin er opptatt av å leggje til rette for individuell vidareutdanning, samt felles kompetanseheving.

Seksjon Askøy har 12 senger for elektiv behandling av menn med rusproblem, der ein mellom anna jobbar med indivuell tilnærming og gruppeterapi. Her er det òg ein brukarstyrt seng. Seksjonen har òg ein Avrusingseining med 13 senger for pasientar som har eit ØH-behov for avrusing. Pasientane har ofte underliggjande psykiske, akuttpsykiatriske problemstillingar, kognitive og somatiske plager som ikkje har blitt diagnostisert tidlegare på grunn av rusbruk. Vi kartlegg og diagnostiserer desse plagene for å finne ut kor pasientane vil få best hjelp. Målet er å leggje til rette for eit best mogleg og individuelt tilpassa behandlingsforløp for kvar pasient.

Det ledige vikariatet er p.t tilknytta Avrusingsposten. Vikariatet er for 1 år, tiltreding vil skje etter nærare avtale. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, utgreiing og behandling av rusavhengige, dette er ofte ROP tilstandar
  • Samhandling og rettleiing av samarbeidspartnarar internt og eksternt mot kommunale tenester 
  • Deltaking i internt utviklingsarbeid, rettleiing og undervising 

Kvalifikasjonar

  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Norsk autorisasjon som psykolog

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilrettelegging for relevant spesialiseringsløp
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haugane 8, 5307 Ask
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Nøkkelord

Psykolog/psykologspesialist, AFR, Askøy

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vibeke Handeland
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
56 15 51 60
41 66 32 04
Følg firma
2255 følger dette firmaet

Haugane 8, 5307 Ask

Annonseinformasjon

FINN-kode 217494102
Sist endret 5. mai 2021 07:56

Rapporter annonse