Utløpt

Kommunikasjonsrådgjevar - vikariat

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgjevar
Frist
25.05.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Høgskulen på Vestlandet har ledig vikariat som kommunikasjonsrådgjevar ved Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt

Om stillinga:

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig eit årsvikariat i 100% stilling som kommunikasjonsrådgjevar i Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt. Avdelinga har ansvar for å legge til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørge for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt. Avdelinga er også pådriver og tilrettelegger
for kunnskapsutvikling og innovasjon gjennom god samhandling med samfunns- og arbeidslivet.

Vikariatet er ledig i perioden 01.06.2021 til 30.05.2022

Stillinga har arbeidsstad campus Bergen.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Rådgjevaren vil jobbe med å produsere, publisere og vedlikehalde innhald i HVL sine kanalar og vil ta del i ulike kommunikasjons- og samhandlingsoppgåver og -prosjekt.


Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

Søkjar må ha høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelorgradsnivå, helst masternivå, og eit stort engasjement for høgskulen sitt samfunnsoppdrag.

Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha god skriftleg uttrykksevne, spesielt på nynorsk. Du må ha god forståing for digitale kommunikasjonsflater.

Erfaring frå journalistisk og redaksjonelt arbeid er ein fordel.

Personlege eigenskapar:

Vi ser etter ein omgjengeleg, initiativrik og operativ medarbeidar som meistrar balansen mellom det å vere operativ med dagleg innhaldsproduksjon og strategisk planlegging og rådgjeving. Personlege eigenskapar blir tillagd stor vekt, og våre medarbeidarar skal bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Den beste kandidaten har dokumentert ei god strategisk kommunikasjons- og formidlingsevne, er positiv, fleksibel, serviceinnstilt og engasjert.


Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som kommunikasjonsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og ho i CV. 


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Svein Ove Eikenes, tlf 91 61 65 20


Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be (https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt har ansvar for å legje til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørgje for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt. Avdelingen er pådrivar og tilrettelegjar for kunnskapsutvikling og innovasjon gjennom god samhandling med samfunns- og arbeidsliv.

Sektor
Offentlig
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Journalist,
PR og informasjon,
Tekstforfatter
Følg firma
962 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 217432537
Sist endret 4. mai 2021 16:33

Rapporter annonse