Utløpt

Norconsult Sogn og Fjordane søkjer landskapsarkitekt

Arbeidsgiver
Norconsult
Stillingstittel
Rådgiver
Frist
31.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Norconsult Norge AS

Er du oppteken av at løysingane i framtida skal vere grøne? Brenn du for å skape vakre og berekraftige uterom? Er du nysgjerrig, og ønskjer å utfordre etablerte sanningar? Vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø innanfor arkitektur og design? Dersom svara på desse spørsmåla er ja, vil vi gjerne ha deg med på laget! Vi søker både ferske og erfarne landskapsarkitektar til kontora våre i Sogn og Fjordane.

Vi har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid med over 60 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Norconsult har på kort tid vorte eit av dei største arkitektmiljøa i landet med over 400 landskapsarkitektar, arkitektar og interiørarkitektar. Vi har stor tru på at estetiske verdiar, berekraft, varigheit, funksjonalitet og design er nøkkelord for framtida.

I Norconsult har vi valt VARIG som overordna omgrep for arkitekturen vi skapar.

Målet vårt er å skape arkitektur som er VARIG funksjonell og vakker. VARIG handlar om a? utvikle eit berekraftig samfunn og representere ei haldning som vi ønskjer å snakke om, vise fram og ha som ideal.  Gjennom kreative og nyskapande prosessar gir vi råd og utviklar berekraftige løysingar som vert tekne i bruk og skapar verdi for kundane våre og for samfunnet.

Landskapsgruppa i Norconsult har over 100 medarbeidarar som er spreidde over heile landet. Vi har også eit tett samarbeid med landskapsgruppa i Sverige. Norconsult Sogn og Fjordane har 3 dyktige landskapsarkitektar lokalisert i Sogndal, og kontoret ønskjer å styrke landskapsmiljøet ytterlegare.

Innanfor landskapsarkitektur har vi store og små oppdrag for både offentlege og private byggherrar.

Vi arbeider i alle fasar i prosjekt – frå tidleg planleggingsfase til detaljprosjektering og oppfølging i byggje- og anleggsfasen. Hovudtyngda ligg innanfor prosjektering av utomhusområde for helserelaterte bygg, undervisningsbygg og barnehagar, bustader, by- og tettstadsutvikling og samferdsel. Vi jobbar også med store landskapsinngrep i samband med t.d. kraftutbygging.

Vi søkjer etter motivert og dyktig landskapsarkitekt. Det er ønskjeleg med erfaring, gjerne frå rådgjevarbransjen.

Hjå oss vil du få spennande oppgåver i eit sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø. Lokalt møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Overordna planlegging og detaljprosjektering av alle typar landskapsprosjekt, frå store offentlege anlegg til mindre private anlegg i alle fasar av eit oppdrag, frå tidleg fase fram til ferdig anlegg.

  • Mogelegheitstudiar og konseptutvikling

  • Landskapsanalysar, konsekvensutgreiingar tema landskap og bistand inn mot kommune- og detaljreguleringsplanar

  • Bruk av BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar

  • Tverrfagleg koordinering

  • Oppdragsleiing i einfaglege og tverrfaglege oppdrag

  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Er utdanna landskapsarkitekt på masternivå

  • Set fokus på landskapsarkitektur i alle miljø

  • Har gode formgjevings- og visuelle framstillingsevner

  • Har eit fagleg engasjement og er kreativ og løysingsorientert

  • Har erfaring med overordna planlegging, konseptutvikling, mogelegheitstudiar, landskapsanalysar med sikte på innspel i arealplanprosessar

  • Har god erfaring med 3D-modellering, visualisering og BIM. Våre landskapsarkitektar nyttar i hovudsak Civil 3D

  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert

  • Er fleksibel og ansvarsbevisst

  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar

  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk

Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag

  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar

  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi

  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)

  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet

  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift

  • Gode løns- og arbeidsvilkår

  • Fleksibel arbeidstid

  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Innsending av søknad

Søknad med CV, vitnemål og attestar vert sendt via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot  samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 4600 tilsette som er stasjonert på 118 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

Om arbeidsgiveren

Gjennom nyskapende og målrettede råd har vi fokus på verdibasert samfunnsplanlegging, fremtidsrettede og bærekraftige løsninger. Årlig utføres over 20 000 oppdrag for offentlige og private kunder.

Sektor
Privat
Sted
Campus Fosshaugane, Trolladalen 30, 6856 Sogndal
Bransje
Arkitektur, areal og interiør,
Konsulent og rådgivning,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Arkitekt og planlegging / Landskapsarkitekt,
Konsulent,
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Cornelis Erstad
Stillingstittel
Avdelingsleder Kontor
Telefon
41 04 37 15
Følg firma
1803 følger dette firmaet

Campus Fosshaugane, Trolladalen 30, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 217409249
Sist endret 4. mai 2021 13:32

Rapporter annonse