Utløpt

Matvert i Spisestua

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Matvert i Spisestua
Frist
30.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer
forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester. Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal kome i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov. Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar.

Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 22.00 alle dagar. Her ønskjer vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Sjukdomsrelatert underernæring er vanleg hos pasientar som blir innlagd på sjukehus. Dette fører til unødig høg førekomst av komplikasjonar, og kan vere med på å forlenge sjukehusopphaldet. Den fremste oppgåva for våre matvertar, er å påverke pasientane til å ete og ta til seg næring. Vi ønskjer å bidra til at måltidet blir mellom dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding. Per i dag betener vi 11 spisestuer, mellom anna på Nordås, Skuteviken, Klokkarvik, samt fleire spisestuer på Haukelandsområdet.

 
Helse Bergen har nyleg vedtatt auka satsing med matfagleg personell ute i klinikken, og i samband med dette blir det no søkt etter matvertar. Det blir søkt etter både 100% stillingar og 75% stillingar, og søkjar må opplysea i søknaden kva stillingsprosent ein søkjer.  Stillingane inngår i turnusplanane til seksjonen med mellom anna arbeid kvar 3. helg. Ein må pårekne å rullere i alle våre spisestuer.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra med matomsorg til pasientar
  • Bestilling, tillaging og servering av måltid, inkludert diettar og spesialkost
  • Reinhald, oppvask og rydding

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar med fagbrev som kokk blir føretrekt
  • Må ha erfaring frå kjøkken/kantine
  • Kjennskap til IK-mat
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg.  Språkleg kunnskapsnivå må kunne dokumenterast
  • Må kunne bruke pc som arbeidsverktøy 

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interesse og engasjement 
  • Serviceinnstilt og imøtekomande
  • Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Strukturert og nøyaktig
  • Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø 
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene
  • Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass der eit av våresatsingsområde er:"MAT SOM MEDISIN"
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg,
Restaurant, mat og uteliv,
Storhusholdning og catering
Stillingsfunksjon
Mat og servering / Kokk,
Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider

Nøkkelord

Matvert, i, Spisestua,, kokk,, Helse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Åge Nilsen
Stillingstittel
Leiar/fagleiar
Telefon
55 97 45 36
Kontaktperson
Arve Haga
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 74 74
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 217383409
Sist endret 4. mai 2021 09:57

Rapporter annonse