Utløpt

Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i engelsk

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i engelsk
Frist
24.05.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to mellombelse stillingar i engelsk som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillingane inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking og arbeidsstad er campus Sogndal.

Oppstart i stillingane er 01.08.2021 eller etter nærare avtale, og går fram til 31.07.2022.


Ansvars- og arbeidsområde:

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil kunne vere knytt til grunnskulelærarutdanninga, årsstudium og innanfor etter- og vidareutdanning. Desentralisert undervising og undervising på nett høyrer òg med til arbeidsoppgåvene. Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga.
  • Institusjonsbyggjande arbeid, irekna å rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129).

For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad i engelsk språk, engelskspråkleg litteratur/kultur eller engelsk fagdidaktikk.

For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, innanfor dei same fagområda som for førsteamanuensis.

For tilsetning som høgskulelektor må søkjar ha avlagt mastergrad/hovudfag med gode resultat (normalt A eller B på masteroppgåva) innanfor dei same fagområda som for førsteamanuensis.

Den som vert tilsett må kunne undervise i dei sentrale emna i utdanningane instituttet tilbyr, òg på nett. Vidare må den som vert tilsett ha gode samarbeidsevner både innan institusjonen og med eksterne samarbeidspartnarar, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. God formidlingsevne og høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd. Og den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Undervisningsspråket er engelsk, og det er krav om høg kompetanse i munnleg og skriftleg engelsk. Arbeids- og administrasjonsspråket ved HVL er norsk, og søkjaren må ha gode kunnskapar i norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Fordjuping i engelsk språk.
  • Undervisningserfaring frå grunnskulen og kjennskap til det norske skulesystemet.
  • Erfaring med utvikling av varierte og studentaktive læringsformer.
  • Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT.

Det vert lagt vekt på pedagogisk kompetanse og erfaring frå undervisningsarbeid i skule og/eller barnehage og/eller lærarutdanning/høgare utdanning.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillinga" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden vert vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 


Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling.
  • Høve til trening i arbeidstida.

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis / 1198 - førstelektor / 1008 - høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje. 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.


Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

Assisterande instituttleiar Tom Rune Kongelf, tlf.: 57 67 63 37 / 990 17 802, e-post: tom.rune.kongelf@hvl.no

Fagkoordinator Mari Skjerdal Lysne, tlf.: 57 67 60 62, e-post: mari.skjerdal.lysne@hvl.no


Samspill, bærekraft og nyskaping 

Samspill, bærekraft og nyskaping skal kjennetegne alt vi gjør.

Vi skal bli et universitet med en tydelig profesjons- og arbeidslivsrettet profil. 

Les mer på våre hjemmesider. (http://www.hvl.no/)

Video: https://youtu.be/z-Py_In-Eyg (https://youtu.be/z-Py_In-Eyg)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med  viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Røyrgata 6, 6856 Sogndal
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
Følg firma
966 følger dette firmaet

Røyrgata 6, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 217311724
Sist endret 3. mai 2021 16:58

Rapporter annonse