Utløpt

Administrasjonskoordinator

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Administrasjonskoordinator
Frist
19.05.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Teknisk avdeling forvaltar Helse Bergens eigedomsmasse og dei allmenntekniske anlegga. I tillegg til bygningsmessig drift og vedlikehald, har avdelinga også ansvar for sjukehusets tekniske infrastruktur og uteområde. Avdelinga har drifts- og vedlikehaldsoppgåver i forhold til ein rekkje avdelingsvise produksjonsutstyr, og avdelinga yter ulike former for service som ikkje direkte høyrer under drift- og vedlikehald av bygning eller utstyr.

Teknisk avdeling si leiing er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Dei tilsette er i hovudsak lokalisert på Haukeland, men ca 25 av avdelingas tilsette har sitt arbeide ved Sandviken, Voss og Hagavik sjukehus. Bygningsmassen i Helse Bergen er på om lag 450 000 m2.

Vi ser no etter ein administrasjonskoordinator i midlertidig stilling med mogelegheit for fast stilling til å styrkje vårt team. Stillinga vil ha sentrale oppgåver når det gjeld administrasjon og koordinering av aktiviteter i avdelinga og vil ha eit nært samarbeid med stab og leiinga ved avdelinga. Vi ønskjer oss ein kollega som har gode samarbeidsevner, kan handtere mange oppgåver samtidig, er systematisk og tar initiativ, fungerer sjølvstendig men samtidig likar teamarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Administrativ støtte til m.a. IKT-oppgåver, elektronisk arkivsystem, bestillingar, rutinar og øvrige merkantile oppgåver
  • Praktisk og teknisk støtte og koordinator ved møte, kurs og seminarar
  • Yte service og samarbeid med leiinga og øvrige medarbeidarar

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på bachelornivå
  • God digital kompetanse og systemforståing
  • God evne til å kommunisere både skriftleg og munnleg
  • Relevant realkompetanse kan erstatte kravet til formalkompetanse

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, strukturert og påliteleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å handtere fleire oppgåver samtidig
  • Fleksibel og serviceorientert

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon / Kontorarbeid,
Kontor og administrasjon / Sekretær,
Kontor og administrasjon

Nøkkelord

elektronisk, arkiv,, bestillinger,, møtefasilitator,, saksbehandling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Beate Klementsen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
95 80 19 74
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 216910157
Sist endret 30. apr. 2021 15:22

Rapporter annonse