Utløpt

Er du engasjert og brenn for faget ditt? Kontoret vårt i Sogndal søker revisjonsmedarbeidarar med ambisjoner om karriereutvikling

Arbeidsgiver
Deloitte AS Norway - Audit & Assurance
Stillingstittel
Revisor
Frist
15.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Deloitte AS
Audit & Assurance er det største kompetanseområdet i Deloitte, der vi utfører eit viktig samfunnsoppdrag ved å hjelpe norske verksemder med sin lovpålagte revisjon. Gjennom våre regionskontor er Deloitte tilstade i store delar av landet. Vi søker no etter engasjerte revisormedarbeidarar til vårt kontor i Sogndal, og ser etter deg som er i starten av karrierra di eller har nokre års arbeidserfaring. Er det deg vi leitar etter?

Arbeidsoppgåver

Som revisor har du eit viktig samfunnsoppdrag gjennom å stadfeste og analysere finansiell informasjon, og du er ein viktig bidragsytar til eit effektivt, velfungerande og transparent næringsliv. Hjå oss vil du med tett oppfølging frå kompetente medarbeidarar jobbe prosjektbasert med revisjon av små og mellomstore verksemder. Du vil få ansvar frå første dag, og din villigheit til å lære og utvikle deg vil bli reflektert i dine arbeidsoppgåver.

Korleis lukkast i rolla?

Vi ser etter deg som er nyutdanna eller har 2-3 års erfaring frå rekneskap og revisjon, eller frå andre økonomi/rekneskapsrelaterte stillingar. Som person har du høg integritet og brenn for faget ditt. Du har stå-på-vilje, og eit sterkt ynskje om å lære og utvikle deg i ein organisasjon som legg til rette for dette. Samtidig er du god til å skape relasjonar, og møter alltid kollegaer med ei positiv og løysingsorientert haldning. Vi forventar at du har høg arbeidskapasitet, og du tek ansvar for at det du leverer har god kvalitet. 

Kvalifikasjonar
• Utdanning på bachelor- eller masternivå med økonomisk spesialisering eller anna relevant utdanning
• MRR er fordelaktig men ikkje avgjerande
• Du er nyutdanna eller har 2-3 års arbeidserfaring
• Gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
• God teknologi- og IT-forståing

Kva kan vi tilby deg?

Kontoret i Sogndal består av til saman 10 erfarne medarbeidarar som spelar ei viktig rolle i lokalsamfunnet og i regionen. Kontoret har ei sterk lokal forankring og har eit godt lokalt fagmiljøet innan revisjon og økonomisk rådgjeving. Blant våre kundar finn du svært mange av veksemdene i lokalområdet.
 
Arbeidsmiljøet vårt bygger på tillit og samarbeid. Organisasjonskulturen er flat, og vi gjer kvarandre gode ved kunnskapsdeling på tvers av stillingsnivå og erfaring. Vi har stort fokus på opplæring for å gjere medarbeidarane gode. Sogndal og nærområdet rundt er ei perle om du er glad i fjord og fjell med vakre og naturskjønne omgjevnadar nesten som frå eit postkort.

Vekstmulegheiter

Du vil få tildelt ein coach som følgjer deg opp, og dersom du er engasjert og lærevillig vil vi legge til rette for at du får utnytta ditt potensiale til det fulle.

Om søknadsprosessen

Vi ynskjer at alle kandidatar nyttar vårt elektroniske søknadssystem der de lastar opp søknadsbrev, CV og vitnemål frå høgare utdanning.  

Søknadar vil bli vurdert fortløpande. Vi ser fram til å motta din søknad!

For ytterlegare informasjon om Deloitte, sjå gjerne www.deloitte.no

Om arbeidsgiveren

Deloitte er en arbeidsplass for fremtiden. Vi er en virksomhet med høyt utdannede mennesker innen mange forskjellige fagfelt som arbeider sammen for å bidra til de beste løsningene for våre kunder. Våre medarbeidere ønsker å være en del av en organisasjon som bidrar til et bærekraftig næringsliv og samfunn; og utgjøre en forskjell. Vi er verdens største leverandør av profesjonelle tjenester innen revisjon, rådgivning og advokattjenester med ca. 1500 medarbeidere i Norge. Deloitte er en internasjonal organisasjon med mer enn 330 000 medarbeidere i over 150 land.

Nettverk
Facebook, LinkedIn, X
Sektor
Privat
Sted
Gravensteinsgata 19, 6856 Sogndal
Bransje
Bank, finans og forsikring,
Konsulent og rådgivning,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Revisjon og kontroll,
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Revisjon

Nøkkelord

Revisjon, Økonomi, Accounting, Rådgivning, Regnskap

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gunn Irene Sviggum Bruheim
Stillingstittel
Partner
Telefon
97 14 24 91
Kontaktperson
Anne Britt Hjelmeseter
Stillingstittel
Director
Telefon
47 40 90 01
Kontaktperson
Jeanett Ommundsen
Stillingstittel
Senior Consultant | People & Purpose
Telefon
45 26 26 25
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
1721 følger dette firmaet

Gravensteinsgata 19, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 216799198
Sist endret 30. apr. 2021 09:55

Rapporter annonse