Utløpt

Har du erfaring frå arbeid med revisjon og rekneskap? Kontoret vårt i Sogndal søker erfaren revisor

Arbeidsgiver
Deloitte - Audit & Assurance
Stillingstittel
Revisor
Frist
15.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Deloitte AS
Audit & Assurance er det største kompetanseområdet i Deloitte, der vi utfører eit viktig samfunnsoppdrag ved å hjelpe norske verksemder med sin lovpålagte revisjon. Gjennom våre regionskontor er Deloitte tilstade i store delar av landet. Vi søker no etter erfarne revisormedarbeidarar til kontoret i Sogndal. Er du engasjert, brenn for faget og ser etter nye utfordringar? Vi ynskjer å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

Som revisor og rådgjever i Deloitte vil du jobbe prosjektbasert med revisjon av små og mellomstore verksemder. Du vil ha operativt ansvar for oppdrag og kundar, og utføre uavhengig revisjon og etterkontroll av verksemda sin internkontroll, årsrekneskap og finansielle rapportering. Du vil fungere som ein aktiv rådgjevar, og vere oppdragsansvarleg for dine tildelte revisjonsoppdrag. I dette ligg at du er komfortabel med å ta ansvar og er vant til å jobbe sjølvstendig. Vidare vil du ha dialog med kundar når det gjeld andre tenester som Deloitte tilbyr, som f eks advokattenester, herunder fungere som eit bindeledd mellom kunden og advokaten. 

Hjå oss vil du få varierte og utfordrande arbeidsoppgåver innan ei rekke ulike fagfelt, og du vil få stor innflytelse på eigen arbeidskvardag.

Korleis lukkast i rolla?

Vi ser etter deg med erfaring innan rekneskap og revisjon, gjerne også med erfaring frå andre økonomi/rekneskapsrelaterte stillinger. Som person er du ambisiøs, strukturert, analytisk og har høg arbeidskapasitet. Samtidig er du god til å skape relasjonar og møter alltid kollegaer med ei samarbeidsvillig og løysingsorientert haldning, også i periodar med stort press. Vi forventar at du har høg integritet og tek ansvar for at det du leverer er av god kvalitet.

Kvalifikasjonar
• Utdanning på masternivå med økonomisk spesialisering eller anna relevant utdanning
• Meir enn 2 års arbeidserfaring frå revisjon og/eller anna relevant fagfelt 
• Gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleig og skriftleg
• God teknologi- og IT-forståing

Kva kan vi tilby deg?

Kontoret i Sogndal består av til saman 10 erfarne medarbeidarar som spelar ei viktig rolle i lokalsamfunnet og i regionen. Kontoret har ei sterk lokal forankring og har eit godt lokalt fagmiljøet innan revisjon og økonomisk rådgjeving. Blant våre kundar finn du svært mange av veksemdene i lokalområdet.
 
Arbeidsmiljøet vårt bygger på tillit og samarbeid. Organisasjonskulturen er flat, og vi gjer kvarandre gode ved kunnskapsdeling på tvers av stillingsnivå og erfaring. Vi har stort fokus på opplæring for å gjere medarbeidarane gode. Sogndal og nærområdet rundt er ei perle om du er glad i fjord og fjell med vakre og naturskjønne omgjevnadar nesten som frå eit postkort.

Vekstmulegheiter

Hjå Deloitte vektlegg vi å hjelpe den enkelte til å identifisere og utnytte sine styrkar uavhening av kor ein er på karrierestigen. Du vil ha eit breidt spekter av vekstmulegheiter gjennom heile karriera.

Kva innflyting vil du få?

Arbeidet ditt vil utgjere ein forskjell kvar einaste dag samtidig som me håpar du vil trivast i ein dynamisk og resultatorientert kultur prega av inkludering og samarbeid. Vi ynskjer å bidra på ein positiv og løysningsorientert måte for dei rundt oss, våre oppdragsgjevarar og samfunnet elles. Hjå Deloitte vil du ha ubegrensa mulegheiter til å oppnå suksess og realisere ditt fulle potensiale.

Om søknadsprosessen

Vi ynskjer at alle kandidatar nyttar vårt elektroniske søknadssystem dere de lastar opp søknadsbrev, CV og vitnemål frå høgare utdanning. 

Søknadar vil bli vurdert fortløpande. 

Vi ser fram til å motta din søknad!

For ytterlegare informasjon om Deloitte, sjå gjerne www.deloitte.no

Om arbeidsgiveren

Deloitte er en arbeidsplass for fremtiden. Vi er en virksomhet med høyt utdannede mennesker innen mange forskjellige fagfelt som arbeider sammen for å bidra til de beste løsningene for våre kunder. Våre medarbeidere ønsker å være en del av en organisasjon som bidrar til et bærekraftig næringsliv og samfunn; og utgjøre en forskjell. Vi er verdens største leverandør av profesjonelle tjenester innen revisjon, rådgivning og advokattjenester med ca. 1400 medarbeidere i Norge. Deloitte er en internasjonal organisasjon med mer enn 264 000 medarbeidere i over 150 land.

Nettverk
Facebook, LinkedIn, X
Sektor
Privat
Sted
Gravensteinsgata 19, 6856 Sogndal
Bransje
Bank, finans og forsikring,
Konsulent og rådgivning,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Revisjon og kontroll,
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Revisjon

Nøkkelord

Accounting, Økonomi, Regnskap, Årsregnskap, MRR IP

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gunn Irene Sviggum Bruheim
Stillingstittel
Partner
Telefon
97 14 24 91
Kontaktperson
Anne Britt Hjelmeseter
Stillingstittel
Director
Telefon
47 40 90 01
Kontaktperson
Jeanett Ommundsen
Stillingstittel
Senior Consultant | People & Purpose
Telefon
45 26 26 25
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
1718 følger dette firmaet

Gravensteinsgata 19, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 216798801
Sist endret 29. apr. 2021 17:21

Rapporter annonse