Utløpt

Psykolog / Psykologspesialist

Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Stillingstittel
Psykolog/Psykologspesialist
Frist
24.05.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Helse Fonna HF

Valen Sjukehus  har ledig 2 års vikariat ved lokal Sikkerhetspost/AST, 100% stilling

Spesialisert behandling  Valen sjukehus
Valen sjukehus ligg under Klinikk for psykisk helsevern,  Helse Fonna. Ved sjukehuset er det 4 døgnpostar og ein poliklinikk; Akuttpost, Psykosepost, Sikkerhetspost, Sikker/rehabilitering og eit ambulant sikkerhetsteam (AST).  Sikkerhetsposten  er ein lokal sikkerhetspost for regionen Nord-Rogaland, Sunnhordland og Indre Hardanger. AST er knytt opp til  denne posten. Faggruppa ved Sikkerhetsposten  omfattar overlege med spesialitet i psykiatri, psykolog , lis.lege, sosionom,  psykiatriske sjukepleiarar , aktivitør og miljøpersonell. Psykolog ved posten har permisjon frå medio august i samband med spesialisering.  

Lokal sikkerhetspost /AST
Sikkerhetsposten  har 9 døgnplassar . Pasientane  er i hovudsak  innlagt  etter Lov om tvunge psykisk helsevern. Eininga tek og imot pasientar som er  dømd  til behandling.  Dei fleste pasientane  har trong for behandling og rehabilitering som varer over tid, frå nokre månader til  fleire  år i særskilde høve.  Diagnostisk omfattar pasientgruppa primært  spekteret  frå psykotiske tilstander innan schizofrenispekteret, bipolar liding, rusutløyste psykosar,  reaktive polymorfe  psykosar og ulike former for personlegdomsavvik. Angst og depresjon, tilbaketrekking og kontaktvanskar pregar dei fleste.
Posten er med i kvalitetsforbedringsprosjekt som omhandlar implementering av a recovery tilnærming i sikkerhetspsykiatrien. Fokus er på å styrke det miljøterapeutiske arbeidet i avdelinga i retning mestring og autonomi.

 
Til posten er det knytta ein poliklinikk  i form av Ambulant sikkerhetsteam. AST har ansvar for valdsrisikovurderingar og sinnemstringskurs. AST yter tenester med oppfylging av utskrivne pasientar. Dette arbeidet omfattar individuell oppfylging av pasient, samt rettleiing til lokale oppfylgingstenester ved DPS og kommunar i heile Hele Fonna sitt opptaksområde. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og testing
  • Behandling og oppfølging av innlagte pasientar
  • Kunne vere vedtaksansvarleg for pasientar på tvunge psykisk hesevern (om ikkje, vil ein legge til rette for vidareutdanning og tileigning av nødvendig kompetanse)
  • Vere del av det tverrfaglege behandlingsteamet på posten
  • Rettleie psykologar i spesialisering
  • Rettleiing av studentar og anna helsepesonell

20% av stillinga vil vere knytt til AST:

  • Polikliniske tenester (reisevirksomhet) med oppfølging av utskrivne pasientar
  • Rettleiing til lokale oppfølgingstenester ved  4 DPS i foretaket, samt kommunar

 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Psykologspesialist (klinisk voksen) / evt psykolog
  • Erfaring i å vurdere pasientar i høve Lov om Psykisk helsevern / tvunge psykisk helsevern er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert og engasjert
  • Tålmodig og evne til å knytte relasjon
  • Høg grad av etisk- og fagleg ansvarsbevissthet
  • Fleksibel og gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med gode mogleheiter til å få bruke seg sjølv fagleg gjennom varierte og utfordrande kliniske problemstillingar.
    Helse Fonna ynskjer å legge til rette for høg fagleg standard og  kompetanseutvikling  for den enkelte tilsette. Som psykolog tilsett i Helse Fonna har ein eit fast  kursbudsjett  med tanke på spesialisering. For godkjente spesialistar har ein kursbudsjett for vedlikehald av spesialiteten.

    Valen sjukhus ligg i naturvakre  Sunnhordland/Hardanger med fjord og fjell og rikeleg moglegheiter for frilufstliv både på sjø og fjell. Velferdslaget har hytter som tilsette kan nytte. Gode oppvekstvilkår for barn med skule og barnehage . Regionssenteret  Husnes ligg like i nærleiken  med service og handlesenter.  Regionen kan i sommarhalvåret  by på eit rikt kulturtilbod med Baroniet i Rosendal i nærområdet.

Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Om arbeidsgiveren

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.


Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.



 

Sektor
Offentlig
Sted
5451 Valen
Bransje
Helse og omsorg

Nøkkelord

Psykolog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kirsti Jebsen Mæland
Stillingstittel
Seksjonspsykologspesialist
Telefon
53 46 64 00
Kontaktperson
Marianne Lund Anderssen
Stillingstittel
Seksjonleiar
Telefon
53 46 64 07
Følg firma
155 følger dette firmaet

5451 Valen

Annonseinformasjon

FINN-kode 216772337
Sist endret 29. apr. 2021 11:25

Rapporter annonse