Utløpt

Vil du arbeide med eit bredt spekter av HR-oppgåver og bidra til utvikling av vår fylkeskommune?

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
HR-rådgjevar
Frist
18.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MU AS

Vår nye medarbeidar får arbeide breidt innan HR-området, med både leiarstøtte og rekruttering, samt ulike organisasjonssaker i skjeringspunktet mellom forvaltning og utvikling. Du vil vere ein del av HR-seksjonen i avdeling organisasjon og økonomi, og rapportere til HR-direktøren.  HR-seksjonen gir rådgjeving til leiarar og driv utviklingsarbeid for heile organisasjonen gjennom  faggruppene Rådgjeving og utvikling , "Løn" og "HMS og kvalitetsstyring". 

Vi utvikler policy for heile organisasjonen, så du vil kunne få oppgåver av meir strategisk karakter. Vi støttar leiarar i ulike saker. Det er viktig at du har brei kompetanse på HR-området slik at du kan rådgje og gi rettleiing fundamentert både i regelverk, men og med kompetanse på rådgjeving. Du må kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre. Du må trivast i ein kompleks organisasjon der du har relasjonar til både HR-kollegaer, leiarar, tillitsvalde og medarbeidarar i heile organisasjonen. 

Arbeidsoppgåver

  • Leiarstøtte: Opplæring og rådgjeving på HR-området 
  • Greie ut og gjennomføre ulike organisasjonssaker 
  • Rekruttering og lønsfastsetting 
  • Utforming og oppfølging av policy og regelverk 
  • Sakshandsaming 

Kvalifikasjonar 

  • Høgare utdanning i relevante fag slik som HR, jus, samfunnsvitskap el.a. 
  • Kunnskap om HR-området både på forvaltnings- og utviklingssida 
  • Kunnskap om og erfaring med leiarstøtte 
  • Relevant erfaring frå HR-arbeid frå ein stor og kompleks organisasjon, helst innan offentleg verksemd 
  • God framstillingsevne munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar 

  • God relasjonskompetanse 
  • Høg arbeidskapasitet 
  • Strukturert og systematisk 
  • Initiativrik 
  • Evne til å sjå løysingar 

Vi tilbyr 

  • Eit triveleg og engasjert arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår 

Andre opplysningar 

  • Du må pårekne noko reising. For særs kvalifiserte søkjarar vurderer vi innplassering som seniorrådgjevar
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
  • Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Ver merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv
  • Om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort 

Vi ser frem til å høyre frå deg 

Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Mercuri Urval ved Gro Reinertsen tlf. 975 59 058. Alle spørsmål til Mercuri Urval blir handsama konfidensielt og for vår oppdragsgjevar om dette er ønskeleg i innleiande fase av prosessen.  

Søknadsfrist 18. mai 2021.   

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle regionen Vestland fylke, og har mange ulike ansvarsområder. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar, klima og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Vestland fylke. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 2 og 4, 6863 Leikanger
Bransje
Offentlig administrasjon,
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering,
Juridiske tjenester
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
HR, personal og rekruttering

Nøkkelord

HMS, sikkerhet, kvalitetsstyring, kvalitet, utvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Reinertsen
Stillingstittel
Direktør
Telefon
97 55 90 58
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
2597 følger dette firmaet

Askedalen 2 og 4, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 216646811
Sist endret 19. mai 2021 00:08

Rapporter annonse