Utløpt

Vil du vere ein pådrivar for HMS og kvalitetsstyring?

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
HMS-rådgjevar
Frist
18.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MU AS

Som HMS-rådgjevar vil du delta i å vidareutvikle systema for kvalitet og HMS, med bl.a. risikovurdering, årshjul og avvikshandsaming, slik at dei oppfyller lovpålagde krav. Du vil bidra til at fylkeskommunen utviklar ein kultur der HMS og kvalitetsstyring inn-går som ein naturleg del av den daglege aktiviteten. Du vil ha eit tett samarbeid med dei andre rådgjevarane i faggruppa og i HR-seksjonen elles, med fylkeskommunen si eksterne bedriftshelseteneste, med rådgjevarar for beredskap.

Arbeidsoppgåver

  • Rådgjeving og saksbehandling for fagområda HMS og kvalitetsstyring
  • Koordinere og leie overordna prosessar og prosjekt innan fagområda
  • Internt og eksternt samarbeid og nettverksbygging innan fagområda 
  • Motivere til gode og førebyggande haldningar til HMS og kvalitetsarbeid
  • Bidra til god informasjon og opplæring til dei tilsette i fylkeskommunen

Kvalifikasjonar 

  • Høgare relevant utdanning 
  • Kompetanse innan ergonomi er ein fordel 
  • Praktisk erfaring frå HMS- og kvalitetsarbeid 
  • Praktisk erfaring med formidling og opplæring 
  • Praktisk erfaring med leiing av prosessar 
  • God erfaring med bruk og administrasjon av digitale verktøy 
  • Erfaring frå arbeid i store organisasjonar
  • God framstillingsevne munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar 

  • God relasjonskompetanse 
  • God evne til samhandling internt og eksternt 
  • Analytisk og strukturert 
  • Sjølvstendig og evne til å drive prosessar vidare 
  • God organisasjonsforståing

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar og eit motiverande arbeidsmiljø med høgt kvalifiserte fagfolk 
  • Gode offentlege tenestepensjons- og forsikringsvilkår 
  • Løn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår 
  • Fleksibel arbeidstid.

Andre opplysningar 

  • Våre verdiar er: "open, kompetent og modig"
  • Du må pårekne noko reising
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
  • Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Ver merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

Vi ser fram til å høyre frå deg 

Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Mercuri Urval ved Gro Reinertsen tlf. 975 59 058. All kontakt med Mercuri Urval blir handsama konfidensielt og for vår oppdragsgjevar om dette er ønskeleg i innleiande fase av prosessen.  

Søknadsfrist 18. mai 2021.   

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle regionen Vestland fylke, og har mange ulike ansvarsområder. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar, klima og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Vestland fylke. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 2 og 4, 6863 Leikanger
Bransje
Offentlig administrasjon,
Juridiske tjenester,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Teknisk sikkerhet/QHSE,
Kvalitetssikring,
Ledelse

Nøkkelord

HMS, kvalitetsstyring, arbeidsmiljø, leiarstøtte, utvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Reinertsen
Stillingstittel
Direktør
Telefon
97 55 90 58
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
2596 følger dette firmaet

Askedalen 2 og 4, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 216643874
Sist endret 19. mai 2021 00:08

Rapporter annonse