Driftsoperatør vatn og avløp
- Arbeidsgiver
- Etne kommune
- Stillingstittel
- Driftsoperatør
- Frist
- 18.05.2021
- Ansettelsesform
- Fast
Driftsoperatør 100% fast stilling
Etne kommune har ledig stilling som Driftsoperatør ved Drift og vedlikehald. Avdelinga har ansvar for dagleg drift av vatn og
avlaupsnett samt installasjonar.
Arbeidsoppgåver
Oppgåver for stillinga er i utgangspunktet knytt til dagleg drift av vass og avlaupsnett, og gjennomføring av prosjekt innan VA
området.
Ein må vera villig til å delta i teamarbeid på andre fagfelt i eininga drift og vedlikeholad ved behov. I tillegg vil søkjar ha kontakt
/samarbeid med entreprenørar, brukarar og yte service for våre innbyggare.
Etter ein opplæringsperiode skal tilsett delta i vaktordninga.
Kompetanse
- Fagbrev innan røyrleggar er ynskjeleg, men erfaring kan vege opp for manglande utdanning.
- Grunnleggjande PC kunnskapar er eit krav.
- Ynskjeleg med interesse innan IKT for bruk av styringsystem og målingsapparat
- Krav om førarkort kl. B. BE (bil inkludert tilhengar).
- Norskkunnskap både skriftleg og munnleg, er eit krav.
- Bra fysisk form
Personlege eigenskapar
Vi søkjar en person som ser utfordringar og som møter dei med ei positiv innstilling
Kan arbeide sjølvstendig og kan ta initiativ til å planlegge prosjekt, arbeidsdagar og oppgåver
Personlige egenskaper blir vektlagt
Annan informasjon
Me tilbyr:
- ein interessant jobb med varierte arbeidsoppgaver
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- lønn etter tariff og godkjent ansiennitet
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000.
Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk
versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli
offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon
ikkje blir tatt til følgje
Om arbeidsgiveren
Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full
barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel,
service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport
og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.
- Nettverk
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjoarvegen 2, 5590 Etne
- Bransje
- Drift og vedlikeholdstjenester
- Stillingsfunksjon
- Driftsoperatør/vaktmester
Nøkkelord
vatn, drift, vedlikehold, avløp, rørlegger
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Kristin Hagland
- Stillingstittel
- Leiar
- Telefon
- 53 75 82 41
- Mobil
- 41 62 48 85
Sjoarvegen 2, 5590 Etne