Utløpt

VIKARIAT SOM KOSTYMEANSVARLEG

Arbeidsgiver
Teater Vestland
Stillingstittel
Kostymeansvarleg
Frist
11.05.2021
Ansettelsesform
Vikariat

Kostymeansvarleg skal ha permisjon, og vi søker etter ein vikar. Det er ei 100 % stilling frå 9. august 2021 til 11. juni 2022. 

 

Vi søker etter ein engasjert og initiativrik person som har relevant utdanning og erfaring frå profesjonelt teater. Fagbrev er ein fordel, men relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanning. Vi ser etter ein omgjengeleg person som liker samarbeid, men som òg liker å arbeide sjølvstendig. Kostymeansvarleg må utarbeide praktiske løysingar innan fastsette rammer i eit hektisk miljø, overhalde tidsfristar og i periodar jobbe under tidspress. 

Som kostymeansvarleg må du ha god farge- og formsans, ha god kjennskap til ulike stilperiodar og tekstilmateriale. 

 

Kostymeansvarleg har ansvar for produksjon av kostyme til teateret sine framsyningar. Jobben inneber:

  • Samarbeid med kostymedesignar om utvikling av kostyme til framsyningane
  • Planlegging, innkjøp og tilverking av kostyme til framsyningar
  • Farging og patinering av kostyme
  • Halde oversikt over drifts- og produksjonsbudsjett i samarbeid med teknisk sjef
  • Ansvar for kostymelager og syte for vedlikehald av kostyme

 

Søkaren bør ha førarkort for personbil. Teater Vestland tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande tariffar i teatersektoren. 


Søknad med CV skal sendast til post(a)teatervestland.no.

Merk søknaden med SØKNAD KOSTYMEANSVARLEG. 

Teateret er underlagt offentleglova.

Vi gjer merksam på at søknadsfristen er kort. Send søknad innan 11. mai. 

Om arbeidsgiveren

Teater Vestland har turnert sidan 1977 under namnet Sogn og Fjordane Teater. Etter fylkessamanslåinga i 2020 utvida vi turneområdet til heile Vestland fylke, og teateret fekk nytt namn. Visjonen til Teater Vestland er som den alltid har vore: "Vi skal røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før". Gjennom å vere modige, engasjerte og inkluderande skal vi fortelje historier og gi scenekunst av høg kvalitet til publikum. Teater Vestland har fast scene i Førde med produksjonslokale og administrasjon. I 2023 flyttar teateret inn i nybygget Nynorskhuset i Førde. Teateret er eit produserande og turnerande teater og nyttar nynorsk målform og vestnorske målføre som scenespråk.

Sektor
Offentlig
Sted
Angedalsvegen 5, 6800 Førde
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Utøvende kunst

Nøkkelord

Teater, Kostyme

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Margunn Grytten Selvik
Stillingstittel
Direktør
Mobil
97 08 56 67
Følg firma
18 følger dette firmaet

Angedalsvegen 5, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 215934809
Sist endret 3. jun. 2021 18:52

Rapporter annonse