Utløpt

Vi søkjer ein driftig og initiativrik administrasjons- og økonomimedarbeidar

Arbeidsgiver
ØyVAR AS
Stillingstittel
Administrasjons- og økonomimedarbeider
Frist
05.05.2021
Ansettelsesform
Fast

Øygarden kommune har skilt ut alle tenester knytte til vatn, avløp og renovasjon i eit eige aksjeselskap, ØyVAR AS. ØyVAR vil i åra framover stå overfor spennande utfordringar i VAR-sektoren, og i samband med dette ønskjer vi å styrkje administrasjonen med ein administrasjons- og økonomimedarbeidar. Vi søkjer deg som ønskjer å jobbe i eit triveleg og hektisk miljø. Den vi søkjer, liker å ta initiativ og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team. Stillinga er 100 % fast.
 

Arbeidsoppgåver:

  • Utfakturering til kundar basert på vedtekne forskrifter
  • Kontroll av utgåande fakturaer
  • Dagleg oppdatering av kunderegister
  • Sakshandsaming og kundeoppfølging, både skriftleg og munnleg
  • Bidrag til kommunikasjonsarbeid retta mot innbyggjarane (informasjon på nettsider, informasjonsbrev til abonnentar o.l.)
  • Intern rapportering
  • Generelle kontoroppgåver

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor-grad i økonomi og administrasjon 
  • Gode datakunnskapar, Microsoft Office og spesielt Excel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, ein fordel om du kan nynorsk

Eigenskapar:

  • Du er ein person som tek ansvar og viser initiativ.
  • Du er oppteken av godt samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du er proaktiv og strukturert.
  • Du er nøyaktig og oppteken av å levere god kvalitet.
  • Du trivst med kundekontakt og har gode kommunikasjonsevner.

Vi tilbyr:

  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein variert arbeidsdag med gode kollegaer og interessante oppgåver
  • Løn etter avtale, avhengig av kvalifikasjonar og tidlegare praksis
  • Gode pensjonsordningar
  • Fleksitidsordning
Interessert? Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du kontakte Ragnvald Frøysaa eller Mona Lavik. For å søkje på stillinga loggar du inn på www.bemanningsbyraaet.no og sender inn søknad og CV. På grunn av GDPR kan vi ikkje ta imot dette på e-post.
 
Vi ser fram til å høyre frå deg!
 

ØyVAR AS er den fremste næringsmiddel- og miljøbedrifta i Øygarden kommune. 57 tilsette sørgjer for å levere drikkevatn av svært god kvalitet, og dei tek hand om avløpsvatnet og reinsar dette. Dei sørgjer dessutan for tømming av private slamavskiljarar og samlar inn og legg til rette for gjenbruk av avfall.

ØyVAR byggjer ut nye anlegg for vassforsyning og avløpshandtering. Heile aktiviteten blir finansiert gjennom vass-, avløps- og renovasjonsgebyra.

Sektor
Offentlig
Sted
Lonavegen 20, 5353 Straume
Bransje
Økonomi og regnskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap,
Kontor og administrasjon,
Kontor og administrasjon / Kontorarbeid

Nøkkelord

Fakturering, Kundebehandling, Saksbehandler, Økonomi, Offentlig administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ragnvald Frøysaa
Stillingstittel
Rådgiver
Kontaktperson
Mona Lavik
Stillingstittel
Daglig leder/Partner
Telefon
416 76 868
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
440 følger dette firmaet

Lonavegen 20, 5353 Straume

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 215911843
Sist endret 22. apr. 2021 16:58

Rapporter annonse